40-årsjubileum for JFK

Hei alle medlemmer og tidlegare medlemmer!

Klubben vår vart 40 år gammal i 2021. På grunn av pandemi vart feiringa utsett, men nå er tida inne for å få til eit jubileum.

Stad: Bessheim fjellstue
Dato: laurdag 11. februar 2023

Førebels program: Skitur på dagen, middagsbuffet, underhaldning og livemusikk.

Alle må betale overnatting og middagsbuffet sjølve.
I første omgang er det viktig at dei som vil ha overnatting (frå laurdag til søndag el fredag til søndag) bestiller dette sjølve nokså raskt! Bessheim vil helst at bestillinger blir sendt på e-post: post@bessheim.no

Priser:
-1360 kr pr pers (lør 11.2-søn12.2) for tosengsrom eller tresengsrom, da er middagsbuffet/fest og frokost inkludert.
– Sjå www.bessheim.no for priser på leige av hytter.
– Dei som ønskjer å leige hytte og dei som ikkje bestiller overnatting, betaler 540 kr pr pers for middagsbuffet/fest.

Det rimlegaste alternativet vil nok vere at fleire leiger hytte saman, men dette må de organisere sjølve.

De betaler for middagsbuffet/fest, evt overnatting når de kjem til Bessheim på jubileumsdagen.

Bindande påmelding til middagsbuffet/fest innan torsdag 5. januar, til:

Else Britt Eide, tlf: 95204237
eller
Audhild Veslum, tlf: 97511686

Vi kjem med meir informasjon om programmet for dagen etter kvart.

Vi ber alle om å hjelpe oss å spre informasjonen om jubileumet vårt, særleg til tidlegare medlemmer som vi ikkje når så lett gjennom kanalane våre.

Håper at mange vil vere med på feiringa!

Mvh
Jubileumskomiteen