Medlemskap og treningsavgift

Medlemskap og treningsavgift går frå januar til desember, men om du byrjar å klatre inne i august,  er det ok å betale medlemskontingent og halv treningsavgift for resten av året. Betalingsinformasjon finn du nedst på sida.

Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret.

Medlemskontingent

Dette må betalast av alle som vil vera medlem i klubben. Medlemskap gjer deg moglegheit til å nytte medlemsfordelane.

Som medlem i JFK får du:

  • 20% rabatt på Vertical Playground på Oppdal (www.vpg.no)
  • 15% på Fjell og Fritid i Lom
  • 30% rabatt på klatreutstyr hos Intersport Rondane i Otta
  • Tilgang på klubblavvo
  • Tilgang på isklatreutstyr
  • Moglegheit til å delta på ulike klubbturar. Sjå aktivitetskalender for info.

Prisoversikt

  • Enkeltmedlem: kr 200,-
  • Familemedlemskap: kr 250,-

Treningsavgift

Dette må betalast av dei som ynskjer å nytte anlegga våre.

Tauklatring

Dette gjer deg moglegheit til å nytte klatreveggen i Vågåhallen.

Prisoversikt

  • Vaksen (16 år eller eldre): kr.600,-
  • Barn (yngre enn 16 år): kr 0,-

Buldring

Dette gjer deg moglegheit til å nytte buldreromma i både Lom og Vågå, i tillegg til klatreveggen i Vågåhallen. For å kome inn på buldrerommet, må alle ha si eiga inngangsbrikke. Denne har ein eingongskostnad (depositum).

Prisoversikt

  • Vaksen (16 år eller eldre): kr 1000,-
  • Barn (yngre enn 16 år): kr 500,
  • Depositum adgangsbrikke: kr 100,-

Døme på prisar

Eit barn under 16, som berre vil trene i Vågåhallen:

  • Medlemskontingent: 200,-
  • Treningsavgift: 0,-
  • Sum: 200,-

Ein vaksen som berre vil trene i Vågåhallen:

  • Medlemskontingent: 200,-
  • Treningsavgift: 600,-
  • Sum: 800,-

Ein familie med to vaksne og to barn som alle ynskjer å trene i Vågåhallen:

  • Medlemskontingent: 250,-
  • Treningsavgift: 2 * 600,- + 2 * 0,-
  • Sum: 1450,-

Ein familie med to vaksne og to barn, som alle ynskjer å buldre:

  • Medlemskontingent: 250,-
  • Treningsavgift: 2 * 1000,- + 2 * 500,-
  • Depositum for adgangsbrikke (eingongsavgift): 100,-
  • Sum: 3350,- fyrste året, deretter 3250,-

Treningsavgift for skular

Vi har eiga treningsavgift for skular, der det er ei mnd.avgift på kr 500,-. Da har elevane moglegheit for å nytte buldreromma (Lom og Vågå) i skuletida, saman med ein lærar. Skulen får da ei inngangsbrikke med personleg kode. Det er òg mogleg å betale for separate mnd.

Drop-in

Vi har drop-in løysing på båe buldreromma og i Vågåhallen.

Pr økt: kr 50,-

Betal inn til ein i styret som er til stades, via Vipps nummer 127940, eventuelt putt i postkassa med lås, som står på staden.

Betalingsinformasjon

Vi nyttar elektronisk innbetaling via Norges Idrettsforbund sin løysing, Min Idrett.

Sjå eiga artikkel om registrering på Min Idrett, sånn at du kan motta faktura.

Frist for innbetaling er 1.mars kvart år. Etter dette vil adgangsbrikka på buldrerommet bli sperra.

Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret 🙂

Admin login