Jubileumsbok

 

Undervegs ligg eventyret

208 sider – 32 artiklar – 24 forfattarar – 220 fotos.

Ei jubileumsbok i anledning 30-års jubileet til Jotunheimen Fjellsportklubb

 

Ei bok for alle fjellsporstinteresserte. 30 år med turminne. Minne om hutrande stunder i ein fjellvegg medan ein venter, timar i lag med hard gråstein og granitt som skurar på fingertuppar og slit på di sjel. Eventyrlege reiser til fjerne himmelstrok på, Borneo, Himalaya og Tien Shan, møte med framande kulturar og menneskje i Kina og Sør Amerika, møte med fjell og regnskog, isbrear på Grønland og ørken i Sahara. Her kan du følgje endelause skispor innover kvite vidder eller oppover bratte fjellsider, det mektige utsynet frå tindar og stup når du endeleg kjem opp, telemarksvingane ned att, fartsgleda. Det er minne frå stemningsfulle soloppgangar, hildringstimar, og viltre vinterstormar, frå regntunge dagar der du ligg i telt og ventar, eller frå kveldskos rundt eit blafrande kaffebål, med ein sullande bekk som nabo. Stunder som gir næring til nye draumar ― nye opplevingar.

Framfor alt handlar boka om det gode kameratskap, gleda over å vera på tur i lag, løyse utfordringar saman. Og det handlar om å mestre, tore å gå inn i det ukjente, ta utfordringar. Som klatrelegenda Bjørn Halvorsen har uttrykt det: Målet er ikkje å nå til topps men å vera undervegs, for undervegs ligg eventyret.

Kjøp av bok:

Send ein mail til Ola Iver Røe på iverroe@online.no . Boka vil da bli sendt i posten, så hugs å inkluder postadresse. Pris ikkjemedlemmar eksklusiv porto er 400 kr, medlemmar 300 kr.