Brattkortkurs og topptaukurs

Brattkortkurs startar neste veke, måndag 23. oktober kl. 19. Topptaukurs vert torsdag 26. oktober.

Vi oppmodar særskilt foreldre til å ta kurs!

Meld deg på direkte til Estin Blessom (messenger) for brattkortkurs eller Ole Jacob Nordheim for topptaukurs.

OBS: brattkortkurset går over to kveldar (totalt cirka 4-5 timar).

Kursa gjennomførast parallelt med vaksenklatring.

Merk at kurset er forbeholdt medlemmar av JFK. Info om innmelding på heimesidene https://jotunheimenfjellsport.com/medlemsskap-og-treningsavgift/

Pris: kr 300 (brattkort), kr 200 (topptaukort), Vipps nr 127940

I tillegg kjem ei registreringsavgift (kr 300,-) til NKF brattkompetanse for sjølve kortet (digitalt. For eit fysisk kort kostar det 400,-).

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.