AVLYST! Romsdalshelg 14.-15. mai

Jotunheimen Fjellsportklubb inviterer til Romsdalshelg 14.-15. mai 2022.

Romsdalshelg vert AVLYST!

Vi ser igjen at været ikkje innfrir denne helga heller. Vi vel difor å avlyse arrangementet. Vi håpar på betre forhold seinare i sommar eller haust!


Det har etter kvart vorte ein tradisjon for fleire av JFKs medlemmar å reise til Romsdalen helga kring 17. mai. I år ynskjer vi å gjere dette til eit offisielt arrangement. Vi håpar du blir med på tur!

Romsdalen er eit nydeleg område for all type klatring og skikøyring og her finst noko for ein kvar vanskegrad og interesse. Sportsklatring: f.eks. Mjelvasteinen eller Slettafossen. Buldring: f.eks. Skiri eller Fantebrauta. Storveggsklatring: f.eks. Norafjell eller Hornaksla. Skimoglegheiter finst fleire stader: frå Trollstigen eller frå Isfjorden kan være gode utgangspunkt.

Sikkerheit:
Du er sjølv ansvarleg for di eiga sikkerheit og du må ha med nødvendig utstyr sjølv. Tilpass turen etter evne og forhold. Spør gjerne nokon i styret eller andre som er kjend om tips og råd.
OBS: deltakarar under 18 år må vere i følge med føresette.
JFK anbefaler at du har eiga ulykkesforsikring for den aktiviteten du ynskjer å drive med.

Felles møteplass på dagtid:
Klubben arrangerer ikkje turar med førar, men vi vil ha felles møteplass for dei som ønskjer å sportsklatre eller buldre. Meir info om dette kommer.

Felles møteplass på kveldstid:
Det blir grilling og sosialt samvær laurdag kveld. Vi ordnar med grill og fyrer bål.

Klatreførarar:
– Klatring i Romsdal: via Nasjonalbiblioteket
– Romsdal Rock: http://romsdalrock.com/index.php/no/

Overnatting:
Vi bor i telt/hytte på Mjelva Camping (www.mjelvacamping.no). Du booker og betaler sjølv for overnatting. Meld frå til Hege Engell (messenger) i god tid om du kan tenkje deg å være med, slik at vi får ordna med nok plass på campinga. Skriv gjerne «skal» på arrangementet.

Reise:
Folk er sjølv ansvarleg for transport. Vi oppfordrar til samkøyring!

Mat:
Alle stiller med eigen mat og drikke, men klubben sørger for varm grill laurdag kveld!

Vær:
Vi håpar på godt vær. Ved regn er det moglegheit for klatring på Tindesenteret i Åndalsnes.

Spørsmål? Ta kontakt med leiar i JFK, Hege Engell, om du lurar på noko!

Vel møtt til ei triveleg helg i Romsdalen!

JFK