Årsmelding 2011

 

Styret i JFK har i 2011 hatt følgjande samansetning:

 

Ola Røe (leiar)

Bjørn Slåen (nestleiar)

Hilding Jonassen (styremedlem)

Erik Sanden (styremedlem)

Siv Aina Tofte (sekretær)

Jo Øien (kasserar)

Øystein Bakke (sikkerheitsansvarleg)

 

Ken Espen Solheim (valkomite)

Oda Vollan (valkomite)

 

Styret har hatt møte jevnleg, og arbeidd godt i 2011. Den store saka har vore å finne lokale til nytt buldrerom, dette har dessverre vist seg vanskeleg. Vi må berre fortsette å jobbe med dette framover.

 

Antalet betalande medlemmer i 2011 var 102, dette er ein liten oppgang frå i fjor.

 

Fellesturane i 2011 kan ein vel si ikkje var så vellukka. Fleire av turane regna bort, på andre var det for få som møtte. Heldigvis har 2012 begynt betre!

 

 

Aktivitet

 

Eg vil her prøve å gje eit bilde av kva medlemmane i Jotunheimen Fjellsportklubb har funne på av fjellaktivitetar i 2011. I ei slik samanfatning er det sjølsagt uråd å få med alt, men eg håpar det eg har fått med syner noko av mangfaldet og aktivitetsnivået i klubben.

 

Det er ikkje til å kome frå at fjoråret var karakterisert av mykje dårleg vær. Ved spørsmål om kva enkelte hadde gjort i fjor var svar slike svar vanleg:

-E gjord ikkje ein sjet.

-Dæ va fint lite gut!

Likevel, på tross av av været, mange var på tur. Under kjem eit forsøk på ei oppsummering:

 

Fjell:

I Jotunheimen gjekk Ulf Ryen og Per Ekre Styggedalsryggen og Skagadølsryggen i august. Hans Ragnvald Steine med fleire gjekk Heillstuguryggen og Urdadalsryggen i eitt, ein rå tur. Underteikna gjekk på alle toppane rundt Austre Memurubre.

Utanom heimfjella gjekk Torstein Øygarden, Hans Ragnvald Steine og Håvard Grotheim på Kvandalstind med meire.

Sivert Jonassen tok med seg systra Silje Jonassen gjekk Nordveggen på Romsdalshorn, og Hilding på Bispen.

 

Klatring:

Det var ein del klatring på klatrefelta i Romsdalen, i Stryn og på dei lokale felta. Spesielt vil eg nemne Bjørn Slåen som med Osambabosa gjekk sin fyrste 9-. På dei lokale felta var det så vidt eg veit gått kun ei ny rute, Nessebrue rock city (8/8+) på Nessebrue gått av underteikna. Ken Espen Solheim og Svanhild Lyngved avslutta året med ein månadstur til sol, varme og klatring i Thailand.

Av lengre ruter er Bjørn Slåen og Oda Espelund sin tur på Vestpillaren på Presten verdt å nemne. Sivert Jonassen gjekk og denne ruta.

 

Buldring:

Hilding har gått mange harde buldre i steinrøysa under Skagsnebb. Nemneverdige nybestigningar er John Deere (7C+) og Ut av skyttergraven (7B). Ellers var og noko aktivitet på Skiri på vårparten.

Sivert Jonassen med fleire var ein tur i Fontainebleu utanfor Paris.

 

Innandørs:

Det var stor aktivitet i Kleiven både på våren og på hausten. Som vanleg vart året avslutta med buldrekonkurranse i Kleiven med påfølgande julebord.

Hausten 2011 var positiv med tanke på antall klatrarar i Vågåhallen. Mange fortsatte og utover hausten og vinteren.

Bjørn Slåen vann 2 av 3 konkurranser i Innlandscupen og vann dermed samanlagt. Espen Kolden, Torstein Øygarden og Lukas van Dijk deltok og.

 

Av andre arrangement må det nemnast at vi hadde ei fantastisk jubileumshelg på Leirvassbu i anledning 30-års jubileet. Bildeframsyningar, talar, turar, og middag og fest!

 

 

Lalm, 27.mars 2012

Ola Røe