Styremøte

Tilstades: Ola Iver Røe, Øystein Kleiven, Bjørn Slåen, Jo Øien, Svanhild Lyngved.

Inneklatring: Det vert bestemt å kutte ut inneklatringa i hallen torsdagskveldane. Måndagsklatringa held fram med same tidspunkt.

Årsmøte: Vi satsar på å halde årsmøte i klubben 6.feb på Bokhandelen kafè. Det vil bli sendt ut ei årsmelding saman med kontigent og ein aktivitetsplan for 2013.

Aktivitetsplan: Det er satt opp mange turar iløpet av 2013, m.a isklatresamling på Flå, tur til Bohuslân, tur til Molladalen og topptursamling på Leirvassbu. Ein utfyllande aktivitetsplan ligg nå ute på heimesida.

Diverse: Det vil bli sett opp fleire klatretak i buldrerommet på Kleiven slik at dette kan nyttast meir.

 

-Svanhild-

 

Admin login