Møtereferat årsmøte

Referat frå

ÅRSMØTE I JOTUNHEIMEN FJELLSPORTKLUBB

På Bokhandel’n kafe, 6. februar 2013

 

Det var 10 medlemmer til stades. Ola Iver Røe leia møte.

 

Sak 1. Årsmelding.

Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga. Samrøystes vedteke.

 

Sak 2. Rekneskap.

Det låg ikkje føre ferdig rekneskap for årsmøte.

Vedtak: Styret får fullmakt til å godkjenne ein revidert rekneskap.

 

Sak 3. Medlemskap.

Vedtak: Dagens ordning blir vidareført. Flest mogleg blir oppmoda om å løyse familiemedlemskap.

 

Sak 4. Budsjett.

Kasseraren gjekk gjennom forslag til budsjett.

Vedtak: Budsjettframlegget vedteke med ei oppjustering av posten Fellesutstyr frå 5 til 15000 kr. Budsjettet har ei inntekt på 69.000 og ei utgift på 64.000 med eit resultat på kr 5.000.

 

Sak 5. Val:

Leiar           Svanhild Lyngved (ny)  1 år

Ola Iver Røe                  1 år

Bjørn Slåen                            2 år

Erik Sanden                            2 år

Jo Øien                          1 år

Sikkerheitsansvarleg:    Ulf Ryen     2 år (ny)

Valkomiote: Oda Espelund Vollan 2 år

Torstein Øygarden                 1 år

Revisor:      Terje Kleiven og Per Ivar Weydahl attvald for 1 år.

 

Sak 6. Vedtekter:

Leiaren la fram forslag om to tillegg i formålsparagrafen:

–         Buldring og klippeklatring.

–         I styret i JFK skal båe kjønn vera representert. Vara medlemmar tel ikkje med ved berekninga av kjønnssamansetninga.

Vedtak:

Som framlegget frå leiaren. Styret får i tillegg fullmakt til å vedta dei øvrige vedtektsendringane i.h.t. vedtektsnormen i Norges Idrettsforbund.

 

Årsmøtet vart avslutta med ljosbildeframsyning av Ulf Ryen som viste bilde og fortalde om Styggedals- og Skagastølsryggen.

 

Møtet heva kl 2050.

 

Terje Kleiven

Referent.