Årsmøte og styreverv

Årsmøte for 2022 i Jotunheimen Fjellsportklubb arrangerast onsdag 8. mars på Veistadhjørnet Kafé klokka 18. Det vert enkel bevertning med kaffe og kringle. Gi gjerne eit signal om du kjem pga. bestilling.

Har du lyst til å bidrege i styret i Jotunheimen fjellsportklubb? Vi har fleire verv på val på kommande årsmøte!

Ta kontakt med valkomiteen (Hans Ragnvald Steine og Even Brimi) innan 29.01.2023, om du er interessert.

For meir informasjon om kva styrearbeidet går ut på, ta kontakt med styreleiar Hege Engell eller nokon andre av styremedlemmane.

Saksdokument sendast ut cirka 3 veker i forkant av møtet.

Har du innspel til saker du vil ha behandla/diskutert på årsmøtet? Send ein e-post til styre@jotunheimenfjellsport.no