Litt nytt frå Rjukan

Hei!

Sidan sist gong har det skjedd ein del. Trappfoss, som var det siste eg nemnde at vi skulle klatre, gjekk fort unna. Når vi kom ned i juvet den søndagen var det påskestemning, med mange varmegrader, kram snø og smeltande is. Sjølve fossen var ein blaut erfaring, og eg kan nok tenke meg å klatre denne på nytt i meir normale og brattare forhold. På veg ut at kunne vi tydeleg sjå at fleire fossar hadde minska synleg sidan morgonen, og reiste heim at noko urolege med tanke på resten av sesongen. Heldig vis vart det litt kaldare utover i veka. Fredagen etter klatra eg på nytt nye Vemorkfoss, og psyka atskillig mindre enn sist gong. Om kvelden fekk eg besøk av Torstein frå Tønsberg, som måtte kjøpe seg eit nytt batteri til bilen for annledninga, men var med elles godt mot. Etter som både eg og Torstein hadde klatra ein del i juvet, bestemte vi oss for å reise ut  til juvet på Mæl, der ingen av oss hadde vore før. Vi starta rimeleg tidleg frå Rjukan neste morgon, men når vi fekk sjå inn i juvet på Mæl, oppdaga vi fort at det ikkje var forhold forhold til å klatre WI4 fossane vi hadde sett på der. Der var det Haugfossen som såg klatrebar ut, ein meget psykande og risikabel WI6, som vi hadde null planar å våge oss ut med. Vi bestemte oss da for å reise lengre ut langs Tinnsjøen og klatre Jailhouse Ice, ein flott WI4 på 4 tauglengder, men med lang anmarsj. Vi fekk stampa oss opp over lia med snø godt over knea, og til slutt stod vi under den. 5’aren på vår venstre side, ”Skuffelsen” var det ikkje forhold på, søyla var ikkje heil. Vi soloerte eit stykke opp i fossen, før eg lede den fyrste lengda som starta med nokså slak klatring, før den gjekk over i ein bratt vegg, der det tok lang tid før eg fann ut kva slags linje opp eg ville ta, pga. mindre gode forhold  i isen. Torstein leda neste lengde, som var forholdsvis lett, men vedvarande klatring. Siste lengde gjekk opp eit flott dieder som var bratt, men forholdsvis kort, før fossen slaka ut mot toppen. Returen var ei historie for seg sjølv, der vi tenkte vi skulle sleppe å rappelere, men enda med 2 stk, blant anna ein ned på vegen(!). Neste dag klatra vi den populære Tjønnstadbergfossen, WI4, som ligg rett ovan for Rjukan sentrum. Den var lett, men fin. Vi reiste så heimatt til leiligheiten og åt, før vi drog ut at for å klatre Sjukehusfossen, WI4. Der var det ein overraskande lang anmarsj, med til tider gåing i knedjup snø. Vi var begge rimeleg utslitne når vi kom opp til fossen. Den starta med ei lett lengder, etterfølgt av ei lengde som starta veldig fint opp eit  15-20 meter høgt, vertikalt dieder, men enda med klatring på råtten is og snø. Siste lengda gjekk kort opp til eit tre. Det begynte å bli mørkt, og i stundas alvor hadde vi lagt at hodelykta bilen. Etter ein noko interessant rapell var vi nede att ved innsteget, akkurat før det var blitt heilt mørkt. Heldigvis var det både fult batteri og lykt på min fantastiske mobil og vi kom oss velberga ned at. Torstein reiste heim att til Tønsberg rimeleg kjapt, medan eg la meg meir eller mindre momentant. Det hadde vore ei bra helg, med mest sannsynleg to bestingingar som var dei fyrste for sesongen, Sjukehusfossen og Jailhouse. Anmarsjane forklarte tidvis kvifor dette.

Nå ser eg at innlegget blir veldig langt her,så skal forklare kort kva som har skjedde den siste veka. Sist fredag klatra vi Verdens Ende, inst inne i juvet, før eg reiste på besøk til Attrå, ei bygd langs med Tinnsjøen, der eg og Martin hadde 3-4 (truleg) fyrstebestinginar, av tidvis bortgøymde fossar, om lag 30-40 meter lange. Søndag Klatra vi i Juvet, fyrst Tungtvann, der andrelengda var tidvis tynn, men meget fin, så Østre brufoss. Sist onsdag, klatra vi Vestre brufoss etter skulen. I går, fredag klatra vi rjukanfossen, etter at eg fekk meg ein ufrivillig aketur på over hundre meter ned ei (til tidvis) snøfylt renne. Heldigvis var det buksa som tok støyten for dette, men til gjengjeld tok ho den godt. Nokon som skal selje ei gore-tex bukse?

Til slutt vill eg minne alle om at det blir eit program frå Rjukan om Isklatring på Søndag (i morgon), klokka 22.45. Sjå på!