Nytt år, nytt innlegg…

Heigut! Kanskje på tide med eit nytt blogginnlegg nå. Ingen unnskyldning for null innlegg på 3 månader, ikkje som eg kjem på no uansett. Kan prøve å hugse litt av det som har skjedd den «siste» tida. Skal me sjå; Kom heim att frå Romsdalen, det begynte å bli kaldare, også til slutt var isklatringa i gong, og så vart det plutseleg juleferie. Ferien vart klatremessigt litt slapp, men starta med alt anna enn slapt julebord hjå JFK! Årets happening vart på nytt avvikla med stor suksess. På dagen var det buldrekonkurranse i det nye buldrerommet på Kleiven, med Ken, Sivert og Hilding som ruteskruare(?). Dette var min fyrste tur i det nye rommet på Kleiven, og vart veldig imponert! Alle dei gode elementa frå rommet på Klones var med og gjort større, og det mindre gode var droppa. Imponert over dugnadsarbeidet til alle som var med! Konkurransa var bra, mange frå klubben, og ein god del utanfrå. Fyrsteplassen var i utgangspunktet delt mellom Torstein og ein Lillehamring som eg ikkje hugsar namnet på, men vart fort endra med ein handbak, som gjekk til Torstein sin favør. Denne forma vart for øvrig avslutning på alle konkurransar den kvelden som enda opp uavgjort den kvelden. På andre kom Bjørn, og tredje meg. Så begynte sjølve julebordet, med diverse diplomar, blant anna ein velfortent «Årets JFKer» til Per-Magnar og broren Kristoffer, som har vore svært aktive og ivrige dette året, og Årets skuffelse til meg (?!?!?!?!?!?!). Det var og mange flotte bilete frå konkurransar, der Bjørn hadde det beste klatrebilete, og Ulf det beste turbilete. Resten av kvelden er ei historie for seg sjølv, og hugs den den som vill eller kan. Resten av juleferien gjekk stort sett med på å besøkje familie på Vestlandet, og nyttårshelga vart brukt på Oppdal med ski og festlegheiter. Det kom mykje snø denne helga!
Nå startar eit nytt år, med mange nye turar! På Vertikal er treninga i gong med gamle og nye elevar. Det har så langt vore god trening både i styrkerommet og i klatreveggen, og nokre turar ute. I går var eg og Patrick og klatra nye Vemorkfoss. Den var flott, brei og ikkje veldig opphakka. På onsdag fekk vi besøk av NRK som laga ein dokumentar om isklatring, og vi reiste til Krokan for å klatre og bli filma (linselus?). Dei hadde vore med Jon og Line Mowinkel og klatra i Upper Gorge dagen før. Tidlegare hadde dei vore å intervjua Thilo Schröter på Rjukan sjukehus, etter han datt ned frå Solfesten (WI 5/A2) som han klatra med Martin Skaar Olslund. Dette var hans andre dag på is, og vi kan vel prate om ein hard start her. Om du vil vite meir om denne ulykka, foreslår eg at du les bloggen hans, http://krimpsaah.blogspot.com/. Nok om det. I morgon reiser vi til Upper Gorge for å klatre Trappfoss, og håpar på bra forhold, etter at det har vore mildver eit par dagar. Over og ut!