Slitet

Hilding gjekk i går eit bulder han har kalla Slitet i Jønndalen. Bulderet er ein fantastisk overhengande baug som Hilding har gått ein sitstart til. Graden er rundt 8A, og det gjer Slitet til den hardaste etablerte buldereren i Ottadalen, og ein må vel til Stange eller Romsdalen for å finne like harde buldre. Som namnet seier, har Hilding måtte jobbe hardt for å gå bulderet. Han har og brukt mykje tid på å legge til rette for buldring på Jønnsteinen, som ligg ved inngangen til Jønndalen, og det er potensial for fleire buldre, for det meste hardt.

Bulderen bør vere ein inspirasjon for å trene knallhardt i vinter. Førar for Jønndalen kjem i Buldrebanken etterkvart!


Kommentarer

Ett kommentar til “Slitet”