Årsmelding 2010

 

ÅRSMELDING 2010

JOTUNHEIMEN FJELLSPORTKLUBB

Driftsåret 2010 har JFK hatt slik samansetning i styre, og utval:

Styret: Terje Kleiven (leiar)

Bjørn Slåen (nestleiar)

Ola Iver Røe (sekretær)

Jo Øien (kasserar)

Ulf Ryen (styremedlem)

Siv Aina Tofte (varamedl)

Silje Anita Wold Kleiven (varamedl)

Sikkerheitsansvarleg: Øystein Bakke

Revisor: Tor Ekre

Valgkomite: Roar Valbjørgsløkken og Ken Espen Solheim

AKTIVITET:

Året 2010 har vore eit bra år i JFK’s snart 30 år lange historie, med stor aktivitet på mange felt. JFK er ein klubb som femnar om så mykje, frå høgfjellskiturar til tinderangling, frå buldrestein til storvegg, frå Nessebru til Himalaya. Det vil derfor vera uråd i ei årsmelding som denne å koma inn på alt som har skjedd, men vil prøve å få med noko av det viktigaste.

KLATRING og FJELLSPORT:

Innalands:

Det er sjølsagt uråd å koma inn på alt som har foregått, men tek med noko.

Trass i langvarig kalde var det god aktivitet på isklatring i 2010, der m.a. fleire lag klatra opp Jukulkula. Det var også ca 10 stk som baska seg opp Kleivklovet i 25 minus, jækla med sjog og svart natt. Var det nokon som prata om pysete ungdom??

Bjørn Slåen og Oda Espelund sette kursen nordover og hadde nokre fine klatreveker i Lofoten og Stetind (m.a. sørpillaren)

Siv Aina, Per, Ola og Terje hadde ein maratontur over Midtmaradalsryggen og Dyrhaugsryggen. Øystein og Bente gjekk Drømmediederet i Vengedalen. Det vart elles ein god del som var i Romsdalen m.a. på Hornaksla

Elles vart det gått to nye spenstige ruter i Jutulporten: Øystein Kleiven (Den andre møydommen grad 7) og Bjørn Slåen (Bakke line 8/8+)

Fellesturar:

For andre året vart det felles vårtur til Bohuslán med god oppslutning og mykje klatring.

10 stk med stort og smått var også med på hausttur til Hauktjern 3-5. september med overnatting i Lavvo og kliving i eit stort og velutvikla felt.

Klatrekonkurranser:

JFK medlemmer har ved fleire høve hevda seg godt i konkurranser denne sesongen. M.a. kan nemnast at Bjørn Slåen og Torstein Øygarden tok dobbeltseier i innlandscupen på Gjøvik 30.10. Bjørn vart nr 2. samanlagt i innlandscupen.

Kristoffer Bø deltok i juniorklassen i buldre-NM på Lillehammer og hevda seg godt trass at han var mykje yngre enn dei fleste.

JFK har avvikla klubbmesterskap med bra deltaking.

Utanlands:

Den store utanlandsturen er turen til Gurla Mandata (7700) hausten 2010. Ekspedisjonen besto av Per Ekre, Dag Inge Bakke, Ulf Ryen og Magne Svare. Dei hadde ein fantastisk tur frå Lhasa, gjennom skiftande landskap i Tibet og til Himalaya på grensa mellom Tibet og Nepal. Ekspedisjonen nådde ca 7000 meter. Dei har hatt fleire biletframsyningar frå turen.

Øystein Kleiven, Dag Fergestad og Terje Kleiven deltok på ein 14-dagarstur til Hoggarfjella i Sahara (sørlege Algerie) i februar 2010. Turen hadde med klatrarar frå Rjukan, Trondheim, Volda og Ålesund og var ein tur utanom det vanlege med kombinasjon av ørken, klipper opp til 600 meter høge, tuareger, kultur og historie.

Øystein Kleiven, Bjørn Slåen, Erik Sanden og Terje Kleiven var også ein tur til klatreeldoradoet på Kalymnos i september og hadde det gøy.

Elles har opptil fleire søkt den bratte vintersnøen i Alpane.

Buldring:

Det er opna eit nytt buldrefelt på Sandbakken på Nord-Sel der det blir rapportert om mange flotte bulder. Nicolai Båtstad har laga ein buldreførar for området som ligg på heimesida vår.

Hilding Jonassen har funne innpå eit buldrefelt i Jønndalen, der han m.a. har gått eit bulder som er sette i grad 8A. (Slitet). Ein må faktisk til Stange eller Romsdalen for å finne eit bulder av same vanskegrad.

Det første området det vart buldra på her i distriktet var ved Galdesand i Bøverdalen. (det var her Lars Sulheim fekk kreftene sine frå!!) Nå har Stian Christophersen utarbeidd ein buldreførar for dette feltet, nogo vi håper kan føre til ein rennessanse.

Inneklatring

Som tidlegare har vi hatt to kveldar med inneklatring i Vågåhallen. Oppmøte for dette har vore noko variabel, særleg når det gjeld dei vaksne. Noko av grunnen er at ein stor del av grunnstamma frå i fjor, har reist ut for å gå på skule eller arbeid.

BRANN PÅ KLONES – NYTT BULDREROM I KLEIVEN

Våren 2010 vart buldrerommet på Klones erklært totalskadd etter brann. Dette var eit tungt slag for dette hadde vorte ein fin og attraktiv stad for JFK sine klatrekåte medlemmer. For JFK sin del er forsikringssummen ca 500 000. Vi er i dialog med styret i Klones A/S om oppatbygging, men i skrivande stund er dette ikkje avklara.

 

Ein småbrukar tok initiativ til å få bygd ein buldrevegg på låven i Nørdre Kleiven. Plater, bindingsverk, skruer, tak og tjukkaser var ikkje verre skada på Klones enn at dei kunne burkast opp att. Etter stor dugnadsinnsats og sponsing frå Sinclair Mur og Bygg (isolasjon), Proel (varmeovn), Bjørn Slåen (t.timer) og ikkje minst Øystein Kleiven (resten) så har dette vorte ei fin bule. Mange meiner enda finare enn på Klones. Nå er ein i gang med å bygge eit ”forværelse” til omkledning, opphald og lagerplass.

I samband med julebordet vart det halde buldrekonkurranse der Torstein Øygarden og Oda Espelund vart vinnarar. God deltaking.

FOTOKONKURRANSE

Denne fekk gledeleg stor deltaking, da det kom inn 50 fotografi. Det vart konkurrert i to klasser: Klatring og Tur. Bjørn Slåen vann den første kategorien medan Ulf Ryen vann den andre. Jury var: Hans Olav Øvre, Kjell Bergnord og Bjørn .

JULEBORDET

Julebordet vart i år halde 18. desember på Klones med veldig god deltaking. (ca 60) Julebordkomite var: Siv Aina Tofte, Bente Viste, Anna Lunna og Oda Espelund. Takk til dei for veldig godt arbeid. Det var god mat og drikke, underhaldning, ljosbilde frå Gurla Mandata v/Dag Inge Bakke, utdeling av diplomar, dans og mykje meir.

JUBILEUMSBOK

I 2011 er JFK 30 år. I samband med dette foreståande jubileet sette styret ned ein komite som har som mål å få til ei Jubileumsbok. Med i denne komiteen er: Terje Kleiven, Ola Iver Røe, Øystein Bakke og Ulf Ryen. Arbeidet er godt i gang og det er å håpe at arbeidet går såpass unna at det kan ligge firi ei bok i løpet av hausten.

HEIMESIDA

JFK har fått ei veldig bra heimeside med Ola Iver Røe som den ansvarlege. Det er å håpe at dette skal bli eitt av dei viktigaste verktøya for informasjon mellom medlemmene.

ANNA

De 19. oktober var det handlekveld på Jotunheimen Sport. Ljosbilde frå Kalymnos.

Ola Iver og Terje deltok på klatredelen av ein aktivitetsdag som barneskulane i Norddalen hadde på Otta i november.

MEDLEMSTAL

JFK hadde siste driftsår 94 medlemmer.

Lalm, 9. mars 2011

Terje Kleiven

leiar

Admin login