Møtereferat frå styremøte 17.mars

 

Frammøtte: Ola, Erik, Hilding, Bjørn og Jo

  1. Endeleg konstituering av styre:
Navn Funksjon År innvalgt i styret
Ola Røe Leiar 1 år
Bjørn Slåen Nestleiar 2 år
Hilding Jonassen Styremedlem 1 år
Erik Sanden Styremedlem 2 år
Siv Aina Tofte Sekretær 2 år
Jo Øien Kasserar 1 år
Øystein Bakke Sikkerheitsansvarleg 2 år
Silje Anita Kleiven Vara 1 år
Øystein Kleiven Vara 2 år
Ken Espen Solheim Valkomite 1 år
Oda Vollan Valkomite 2 år
     

  1. Ola informerte om nettsida. Det virkar som ein del er innom nettsida, men sida er ikkje spesielt interaktiv. Forhåpentlegvis endrar dette seg når vi får inn Facebook-funksjonen. Det ligg ein del informasjon der, men noko manglar, blant anna informasjon om klatreveggen (åpningstider, organisering etc).
  2. Vi bestemte oss for å stille med ein stand på VågåDågå. Hilding er ansvarleg og vert oppgitt som kontaktperson. Her ser vi for oss å bygge ein vegg og tilby sikring/veiledning i Vågå sentrum. Får vi laga ein bra vegg kan vi og bruke denne i andre samanhengar, for eksempel Jutulrock til hausten.
  3. Det vart sett opp ei liste med ansvarlige for klatringa i hallen dei siste fire vekene før påske. Hvis du ikkje kan stille er det ditt ansvar å få tak i nokon som kan!
    Uke Mandag Torsdag
    12 Hilding Hilding
    13 Erik Erik
    14 Ola Siv
    15 Siv Siv

     

  4. Aktivitetsplan for sommeren vart lagt. Sjå vedlegg.
  5. I 2011 er 30 år sidan klatreklubben vart stifta. Siv vart foreslått som leiar av jubileumskomiteen. Ola og Jo er og med på dette arbeidet. Ein foreløpig plan er å leie ei turisthytte utpå hausten ein gong (a la tidlegare jubileum).
  6. JFK er valt ut til å presentere seg sjølv på årsmøtet i Idrettsrådet. Terje og Ola tek dette.
  7. Hilding informerte om eit moglege buldrerom ved Næringshagen. Husleie på ca 3000. Lokala høyrdest veldig fine ut, men husleia er i overkant av kva klubben kan tåle økonomisk. Kva med ein annonse i avis der vi etterspør lokal og tilbyr eit visst antal dugnadstimar slik som på Klones? Moglege angrepsvinklar:-Vi må finne ut kva som skjer på Klones.

    -Kommuna kan vere ein ressurs. Kanskje involvere Magne og Per Ivar?

    -Hilding undersøkjer vidare med Næringshagen og mølla.

    Ansvarlege for det vidare arbeidet med buldrerom er Hilding og Bjørn.

  8. Aktiviteten i Lom og Skjåk er låg. Kva kan gjerast for å få opp aktiviteten?
  9. Ikkje alle er like ivrige brukarar av internett, og etter vi byrja å kun legge ut medlemsinfo på nettsida har medlemstalet gått noko ned. Jo tek på seg utsending av fakturaer for medlemsskap og treningsavgift 2011 til ein utvalgt gjeng. Her blir og aktivitetsplan lagt ved.

Ola Røe