Denna veggen er ein av grunnane til at eg ville tilbake, seier Olav Nilsen og let augo gli oppover den 300 m nesten loddrette sørveggen på Tozouyang i Boucle Assekrem.
Eg skjønte godt kva han meinte. Saman med Øystein har vi nettopp klatra 9 taulengder langs ei rein og bombefast linje med utrulege formasjonar.

Vi er i Hoggarfjella i det sørlege Algerie – midt i Sahara. I følgjet er vi 12 nordmenn i alderen 24 til 62 år: Sunnmøringar og utfløtte hedmarkingar, folk med urbant Osloblod i årene, trønder og døl. Initiativtakar til turen var Olav Nilsen frå Trondheim, ein av Norges mest erfarne klatrarar og turfolk. Ikkje minst er han ekspert på Afrika etter å ha arbeidd fleire år i Kenya i tillegg til fjellturar til ei rekke land. Dette er hans tredje tur til Hoggarfjella. At ein som har heile verda som «leikegrind», reiser attende til Hoggar for tredje gong, var det beste skussmål dette området kunne få. Eg nølte derfor ikkje eit sekund da eg vart spurt om å vera med. Øystein Kleiven var også blant dei heldige som kom med.
Som på dei tidlegare turane samarbeidde vi også denne gongen med Sherif Amouche, ein algirer som er gift med eit norsk kvinnfolk og dermed pratar flytande norsk (i tillegg til både fransk, spansk og berbisk). Saman med Olav hadde han lagt opp ein interessant tur som innehelt både sand- og steinørken, høgfjell og bratte monolittar, kultur og historie. Vi fordelte oss på tre jeepar (pluss ein bil til). Med sjåførar og kokk var heile følgje på 18 personar.

Sahara – ikkje berre sand
Sahara er verdas største ørken og strekker seg over eit område på meir enn 9.000.000 km2 (på storleik med USA eller Kina), frå Atlanterhavet i vest til Rødehavet i aust, frå Atlasfjella og Middelhavet i nord til sentral-Afrika i sør. Arealet berører 11 land og dekkjer ¼ av heile kontinentet. Likevel er det kanskje ikkje heilt slik som vi hadde trudd. Det er berre omlag 20% av Sahara som er sandørken. Resten er meir eller mindre gold steinørken der enkelte tre og vekste slår rot der grunnvatnet ikkje er alt for langt unna overflata. Og det fins fleire høge fjellområde m.a. i Marokko, Algerie, Tschad og Niger. Eitt av dei mest kjente er Hoggar der dei høgste toppane stig nesten 3000 m opp av steinørkenen. I 14 dagar i februar var dette vårt eldorado.
150 mil ørkensafari gjorde vi unna og klatra i seks forskjellige område. Mesteparten av bilkjøringa gjekk føre seg i veglaus ørken, langs eller gjennom store fjellkjeder, og var ei oppleving i seg sjøl. Overnattinga skjedde under ope himmel. Aldri har stjernevrimmelen vore så imponerande som frå ein soveposeopning i Saharas ørkensand. Orions belte og Sirius vart ”gamle” kjente og vi kunne følgje Karlsvognas vandring over svart nattehimmel blant myriader av andre. Det gav tid og rom for både ettertanke og refleksjon og vart ein del av det gode liv i Sahara.

Garet el Djenoun – Store Trolltind
Etter å ha brukt nokre dagar på ørkenfjellet Elefanten la vi ut på ein halv dags reise til eit granittfjell som heiter Garet el Djenoun som ligg i fjellkjeda Tefedest ca 30 mil nord for Tamanrasset. Oversett til norsk tyder namnet Store Trolltind, eit namn det verkeleg ber med rette der det rager 2300 m opp med sine veldige vegger og rygger.
Vi delte oss i to puljer. Halvparten skulle gå den luftige nordeggen som baud på 600 meters klatring. Oss andre skulle klatre ei 450 m lang rute i austveggen. Etter fire timer anmarsj og ei natt på ei berghylle under ope himmel bar det i veg med tau og sikringsutstyr. Allereie etter fire taulengder innsåg vi at det ville bli for vanskeleg og tidkrevjande å nå opp alle. Øystein og eg skulle fortsette, medan dei fire andre rapellerte ned og gjekk rundt fjellet og opp ein lettare veg. Ein femti meter lang ”kamin” står spikra i minne frå denne turen, ein trong formasjon utan tak som gjorde alt for å hindre både kropp og ryggsekk å koma igjennom. Men opp kom vi da til slutt og til vår glede vart vi motteke av resten av gjengen på toppen.

Hulemaleri og lokal konsert
At Sahara ikkje alltid har vore gold ørken fekk vi synleg bevis for da vi ein dag la ut på ein 11 timar lang fottur for å sjå nokre av dei berømte hulemaleria som fins i desse traktene. Ein lokal tuareg var med som kjentmann og vi kunne ikkje anna enn å bli imponert av desse 6-7000 år gamle steindekorasjonane som fortel om ei tid da det var kyr, vatn og beite i Sahara, før erosjon, sand og kamel fekk overtaket.
Denne kvelden står som eit høgdepunkt på heile turen. Vi fekk nemleg besøk av fem ungjenter som heldt til i ein nomadeleir ein kilometer lenger nede i dalen. At ein ikkje treng dyre instrument for å skape musikk var desse jentene eit godt døme på. Ei tom Jerrykanne tente som tromme og med lystig sangglede skapte dei eit liv blant publikum som vi knapt har opplevd frå ei norsk scene. Trønderen Per Tronsaunet var ikkje sein med å finne fram munnharpa si og gjorde sitt til at dette vart ei fullkome musikalsk forbrødring mellom ulike folkeslag – og sjanger. Nei, musikk kjenner ingen grenser.
Da vi reiste vidare neste dag, var vi innom i nomadeleiren med gåve til dei fem jentene.
Munken i Assekrem
Høgfjellsområdet Assekrem var nok kremen når det gjaldt klatring. Men før vi gjekk laus på dei steile fjellveggane, laut vi gjera eit besøk til munken som heldt til i eit katolsk kloster i 2800 m høgde. Etter ein tekopp og hyggeleg prat med munken fekk vi sjå oss omkring i kapellet. Det var Charles de Foucauld som fekk bygd dette klosteret i 1911. I dag held det til tre munkar her.
I tre dagar låg vi i Assekrem og klatra til saman seks ruter på fire forskjellige fjell. Best hugsar eg turen med Olav og Dag opp dei dels overhengjande kaminformasjonane på Tozouyang Nord. 21 år hadde gått sia sist vi tre var samla i same tauet, på Rimmondruta i Trollveggen. Gleda ved klatring var like stor nå som den gong. Kameratskapen også.
Vi avslutta turen vår på Adaouda, ein 100 m høg monolitt som baud på det beste ein slik steinplugg kan by på.

Kontraster
Det som gjer ein slik tur til ei oppleving utanom det vanlege er alle kontrastane. Frå kvit norsk vinter til grå sanddyner, frå ei god seng med nattlampe til sovepose under myriader av stjerner, frå materielt overflodssamfunn til tuareger som flakka rundt med buskapen sin på nomadevis, slik dei har gjort det i tusener år. Frå lettvint springvatn til mangelvare. Men, du skal vera bra blasert om du ikkje blir trollbunde av stemninga rundt eit leirbål ute i ørkenen der du et cous-cous med kamelkjøtt midt i eit landskap med gule og raude fargetonar.
Og når vi såg den 800 km lange vassledinga dei dreiv og bygde for å skaffe nok vatn til Tamanrasset, gjev det grunn til ettertanke og refleksjon.


Kommentarer

Ett kommentar til “Sahara”

  1. Bra artikkel!!