60-års feiring i Jukulkula!

Terje i 20-metersfossen!
Terje i 20-metersfossen!
Eldgamlin sjøl feira 60-års dagen i går med å gå Jukulkula saman med Øystein! Dei kan melde om særs god is og strålande vær. Bestigninga vart gjort på rekordtid for Terje sin del, rett i overkant av 3 timar, og hadde det ikkje vore for blautkake eting ved storfuru ville dei vore under 3 timar. I følge Terje har dette mest å gjere å med at mykje har skjedd på utstyrsfronten. Blant anna tykkjer han at å klatre leashless (utan stropper) er ein fordel. Imponerande er bestigninga uansett, og han har utvilsomt sett ny standard for feiring av runde tal! Tilsaman har han gått Jukulkula rundt 20 gonger, fyrste gongen var i 1981, to år etter at fyrstebestigninga vart gjort av to danskar. Og han har klatra med 14 forskjellige partnarar. Ei ny rappellrute ned Jukulberget vart og gjort i stand i går, slik at nå kan ein lette nedturen med å rappellere ned i staden for å gå ned. Sjå i galleriet for fleire bilete!

Publisert
Kategorisert som Artiklar

Av wpengine

This is the "wpengine" admin user that our staff uses to gain access to your admin area to provide support and troubleshooting. It can only be accessed by a button in our secure log that auto generates a password and dumps that password after the staff member has logged in. We have taken extreme measures to ensure that our own user is not going to be misused to harm any of our clients sites.