Årsmelding JFK 2012

Årsmelding Jotunheimen Fjellsportklubb 2012

 

Styre i 2012

Ola Røe, leiar

Bjørn Slåen, inneklatresjef

Øystein Kleiven, utstyrssjef

Erik Sanden, tursjef

Svanhild Lyngved, sekretær

Jo Øien, kasserar

Øystein Bakke, sikkerheitsansvarleg

 

Vara og valkomite

Silje Anita Kleiven og Ken Espen Solheim (varamedlemmar), Torstein Øygarden og

Oda Vollan (valkomitè)

 

 

Samlingar i JFK-regi:

-Issamling i Flå i februar med fleire debutantar på is.

-Ei svært vellykka helgesamling i Stryn. Nokre valde å gå på ski ein dag, og klatre ein dag, andre klatra heile helga. Klatring i Stryn på ettervinteren gjev gode forhold på eit crag der det elles ofte blir for varmt.

-Pinsesamling i Bohuslän med bading og klatring.

-Jutulrock med buldrekonkurranse. Det var meir arbeid med bygging og riving av veggen enn vi trudde, men vi rodde i land ein fin konkurranse der Anders Farestveit frå Sogndal vann herreklassa og Ragnhild Eriksrud frå Sogndal vann dameklassa. Knut Ødegårdstuen og Runar Carlsen frå NKF skruva bulder. Spørsmålet er om den mobile klatreveggen til NKF viste seg å vere såpass immobil at det var fyrste og siste gongen ein klubb i distrikta fekk låne den?

 

Fjell

-Kurt Garmo og Magne Svare hadde ein rå tur der dei gjekk på alle toppane i Skagastølsmassivet (Skagastølstindane, Styggedalsryggen og Maradalstindane) utanom Store Skagastølstind i løpet av nokre dagar.

-Bente Viste og Siv Aina Tofte var på ei rundreise der dei blant anna testa dei nye rutene i Flatanger og fekk klatra Innerdalstårnet.

-Olav Turtum og Sigurd Sælthun gjekk ei ny rute rundt grad 5 i Nordveggen på Søraustre Styggehøbreatinden.

-Olav Turtum og Ola Røe gjekk Nordeggen på Store Veotind som sannsynlegvis heller ikkje er gått før. Også denne var rundt grad 5.

-Sigurd Sælthun og Torstein Øygarden var i Lofoten og fekk gått nokre av klassikarane, mellom anna Vestpillaren på Presten og Dosethrisset i Paradis.

-Sivert Jonassen og Bror Morten Ranum gjekk Semletindryggen i Romsdalen.

 

 

Klippe og buldring

Det var bra aktivitet på klatrefelta på vårparten. Det er likevel i Røyse det har vore mest aktivitet, og spesielt har Hilding Jonassen vore svært aktiv. Han har etablert mange nye buldre, blant anna Røyse sin fyrste 8A, Resistansen.

 

Vinstra

JFK har fått både tippemidlar og støtte i form av boltar og toppanker til å utvikle klatrefeltet på Vinstra, og i sommar vart det lagt ned ein betydeleg dugnadsinnsats der. Det vart bolta 10 nye ruter som alle ligg og ventar på ei fyrstebestigning. Det vart også merka ein stig ned til feltet og det vart rydda mykje ved foten av feltet.

 

Jubileumsbok

2012 var året da vi gav ut jubileumsbok. Lanseringa var på Bokhandelen i mars, og boka har gjennom året fått gode omtalar i fleire samanhengar. Salet har nok ikkje gått like bra som forventa, men ei og anna bok vert vel selt heretter også.

 

Samarbeidsavtale med VPG

Vi har inngått ei avtale med VPG på Oppdal. Medlemmar i JFK kan nå handle i butikken på Oppdal og i nettbutikken til 20% rabatt på veiledande priser på klatreutstyr, fjellsko, fjellklede og skiutstyr. Mange JFK-medlemmar har nytta seg av denne rabatten.

 

Nytt buldrerom

Utpå hausten dukka det opp eit lokale til der vi kunne bygge nytt buldrerom, Telenorbygget på industriområdet i Vågå. Med stor dugnadsinnsats, spesielt av Bjørn Slåen og Torstein Øygarden, sto rommet ferdig i slutten av november. Dette er nå det tredje rommet vi bygger, men forhåpentlegvis det siste på ei god stund. Rommet har fleire fine detaljar, som sentralstøvsugar, høgtalarar oppunder taket, sofa med heimesydde puter og eit rosa tre på veggen.

 

Julebord

Som vanleg vart året avslutta med julebord og buldrekonkurranse. Den uhøgtidelege buldrekonkurransa vart vunne av Bjørn Helge Rønningen frå Lillehammer. Festen etterpå er det usikkert kven som vann, men det vart iallefall ein bra fest med mykje mat og mykje drikke, og lite klede. Takk til Svanhild Lyngved og Ken Espen Solheim som stod for arrangementet.

 

Da gjenstår det berre å takke for 2012 og håpe at 2013 vert like bra!

 

 

Ola Iver Røe, leiar JFK 2012