Jubileum. JFK 30 år

JOTUNHEIMEN FJELLSPORTKLUBB

16. – 18. september 2011 er det duka for ein gasta jubileumsfest på Leirvassbu i anledning JFK sitt 30-års jubileum.

Påmeldinga foregår slik:
Du må sjølv ringe til Leirvassbu (61211210) for å bestille innan 1. august. Du må opplyse om at du høyrer med til JFK sitt jubileum. Sjekk prislista som ligg ved nedst.

Program for helga:
Fredag: Middag serverast kl 19.00 og kl 20.30.
(Mogleg vi går for siste bordsetjing)
Sosialt samvær i peisstuggu.
Laurdag:Frukost
Fellestur til Stetind – avreise 09.00
Jubileumsmiddag og fest kl. 19.00
Samling i peisstuggu med diverse jubileumsprat og underhaldning
Legging, frå kl. 22 og utover.
Sundag: Frukost og ev. tur

Om nokon skulle ynskje å bidra med tale, sketsj, foredrag eller andre stunt fredag eller laurdag, ver venleg å gjev beskjed minimum ei veke i forvegen til Siv (91764962) eller Bente (99028313) som skal freiste å koordinere kvelden.
Vi håpar at du set av denne helga slik at vi kan sjå fram til eit folksamt og triveleg jubileum!!

Velkomen til fjells 🙂

Helsing styret i JFK

Prisliste:
Priser med heilpensjon (= 3-rettars middag, frukost og niste med fylling av termos med kaffe/te/saft) og DNT og gruppe-rabatt heile helga:
Dobbeltrom og 3-sengsrom med bad: kr 865,- per person per døgn.
Enkeltrom med bad: kr 995,- per døgn.
Dobbeltrom og 3-sengsrom med vask (dusj/wc på gangen): kr 695,- per person  per døgn.
Enkeltrom med vask (dusj/wc på gangen): kr 835,- per døgn.
Små 4-sengs køyerom (vask/dusj/wc på gangen): kr 595,- per person per døgn (her må det ligge minst 3 på hvert rom).
Om de kjem etter laurdag vil prisane sjå slik ut: ( middag laurdag, overnatting, frukost og niste sundag):
Dobbeltrom og 3-sengsrom med bad: kr 625,- per person.
Enkeltrom med bad: kr 760,-
Dobbeltrom og 3-sengsrom med vask (dusj/wc på gangen): kr 460,- per person.
Enkeltrom med vask (dusj/wc på gangen): kr 600,-
Små 4-sengs køyerom (vask/dusj/wc på gangen): kr 360,- per person.
Generell info: Romma med eiga bad er ferdig oppreidd med sengetøy og handkler.
I romma utan eiga bad må de ta med sengetøy/lakenpose og handkle sjølv, eller de kan leie her:
Sengetøy kr 85,- per sett og handkle for kr 25,- per sett.