Fyrste innlegg i klatrebloggen!

Hei! Eg har blitt spurt av JFK om å lage ein blogg i samband med mitt siste år på vidaregåande, der eg kombinerer klatring og skule på «Rjukan Vertikal», i nettopp Rjukan. På trass av mine tidlegare uttalesar og innstilling mot vanlege bloggar, har eg takka ja til dette. Det kjem med andre ord ikkje til å bli ein heilt vanleg blogg for ein i tenåra, men med fokus på klatring, trening, utstyr og livet mitt her `sy`.

Vi har no komme godt i gang med skuleåret, og den organiserte treninga fore går i skuletida og i fritida, samt på samlingar. Vi har trening 5 gonger i veka, 2 økter fore går på styrkerom, og tre økter er klatring på plastikk, is eller stein. Vi har til nok hatt ei samling i Nissedal der vi klatra `trad` på flotte granittsva, og med fint vær. Eg har og vore på ei klatresamling med JFK som gjekk til Hauktjern i Oslo, der vi var om lag 15 stykker. Her var det persing og hard støyting! Begge desse hendingane her kjem det forhåpentlegvis bilete av snart.

Akkurat nå for tida går mesteparten av tida til Rjukan Vertikal med på å pusse og bore opp eit nytt felt kalla «Tjønnstadberget». Dette berge minner etter mi meining mykje om Porten i Vågå, der vi alle ha brukt mange timar. Det liknar både på godt og vondt, med tanke på friksjon, brattheit, steinkvalitet og listar. Eg har plukka ut ei linje, og begynt å pusse. Graderinga er eg ikkje heilt sikker på enda, ein får sjå kva som befinner seg under laven. Berget er minst 25 meter høgt, og ligg solvendt, noko som blir fint her i «holet» Rjukan. Det har stort potensial, og svært få ruter har blitt etablert her. Det kan ha ei samanheng til mentaliteten til mange av Rjukanklatrarane; klatringa skal foregå på naturleg sette sikringar. Om ikkje feltet har like kort anmarsj som Porten, er den i hvertfall kort: under 5 minutt. Spennande!

Neste måndag bær det på samling heile veka, og turen går til enten Jostedalsbreen og brekurs/klatring, eller Romsdalen for trad og alpinklatring. Brekurs er noko eg treng, men eg håpar like vel på gode verforhold og Romsdalen! Det blir spennande, og vi satsar på å få klatra klassiske linjer som «drømmediederet» på Store Vengetind, på andre toppar, og nede i dalen. Dei fleste på linja har klatra lite på naturlege sikringar, men har alle reie gått til innkjøp av utstyr til slikt og lærer fort!

Når vi fyrst er inne på utstyr. Etter å ha innsett førre veke at på gebursdagen min den 15. (i går) kom det til å bli færre gåver til enn når eg var «ung». Dette, saman med eit knakande godt tilbod på Oslo sportslager, førte til at eg stakk på gåvehandel til meg sjølv på nettet. I dag kom pakka, og den består av 3 nye DMM Dragon kamkiler, for å fylle ut serien eg begynte på når eg var  i Frankrike tidlegare i år. Eg har no alle 6 kamkilane i serien. Vakkert! Dette var ein handel eg eigentleg hadde tenkt å utsette, men kven kan vel mot stå 30 % avslag? Denne nye kamkilen til DMM byggjer på Black Diamond Camalot, og beveger seg rundt to akslingar, noko som gjev den eit større arbeidsområde. Mange meiner nok at det nærmast er ein kopi av Camaloten, men er etter mi meining ei forbetring! For utan om at den er litt meir sexy, litt lettare og litt tyngre fjører, har den ein noko nytt også. Ein ny patent til opp feste av slynga, som gjer at den er forlengbar, i motsetning til hjå BD. Dette er på bekostning av den fine «finger-loopen» til Camaloten, men er vert det, etter som du kan droppe ei heil ekspresslynge på klatreturar! Bileter kjem. Gleder meg til å få brukt dei neste veke! Men fyrst skal eg heim att til Vågå i helga, det blir godt!

Til sist vil eg minne om mykje som har skjedd og skjer i klubben nå! Terje Kleiven, vår alles leiar, har vunne Norsk Fjellitteraturpris 2010 under fjellfilmfestivalen på Turtagrø. Fleire medlemmer av klubben reiser òg nå til Kalymnos for ei veke med flott klatring på kalkstein! Samstundes har 4 medlemmer av klubben akkurat begynt på ein ekspedisjon til 7694 meter høge Gurla Mandhata! Utruleg spennande! Du kan følje dei på bloggen Anna skriv for dei: http://gurlamandata.tumblr.com/