Møtereferat fra styremøte 11.april 2012.
Tilstades: Ola Iver Røe, Bjørn Slåen, Jo Øien, Øystein Kleiven, Erik Sanden, Ken Espen Solheim og Svanhild Lyngved.
Navn |
Funksjon |
År innvald i styret |
Ola Røe |
Leiar |
2 år |
Bjørn Slåen |
Inneklatresjef |
1 år |
Erik Sanden |
Tursjef |
1 år |
Svanhild Lyngved |
Sekretær |
2 år |
Øystein Kleiven |
Utstyrssjef |
2 år |
Jo Øien |
Kasserar |
2 år |
Øystein Bakke |
Sikkerheitsansvarleg |
1 år |
Silje Anita Kleiven |
Vara |
2 år |
Ken Espen Solheim |
Vara |
2 år |
Torstein Øygarden |
Valkomite |
2 år |
Oda Vollan |
Valkomite |
1 år |
Ken Espen har vore i samtale med Lars Storlien om ei avtale ang buldrerom i gamle ysteri-bygget. Begge partar er hittil samde om leiepris pr. mnd, samt dugnadstimer og opprustning av bygget. Vi ventar nå på eit utkast av avtale.
Kva med å søkje kommune om stønad ang refusjon av husleie evt ved å opne for «barnebuldring»?
Søkje om sponsormidlar hjå lokale bedrifter?
Vi må utarbeide ei eiga ordning i forhold til bruken av nytt buldrerom,-årsavgift og drop-in avgift.
– Vi bør prøve å få igangsett organisert uteklatring denne sesongen. Forslag om måndagar og torsdagar vekselsvis i Tronoddberget og på Nessebrue/Jutulporten.
Her må det skrivast ei liste over dato, stad og evt kontaktpersonar.
– Forslag om organiserte kveldar,- feks jentesamling og nybegynnersamling.
– Vi har framleis att ein del t-skjortar. Desse bør takast med på samlingar,buldrerom og ulike arrangement for å effektivisere salg. Andre salgsarenaer?
– Det vurderast å gå til innkjøp av NorgesKalk for videresalg.
– Skal vi arrangere klubbmeisterskap i 2012?
– Svanhild Lyngved-