Møtereferat styremøte

  

Jotunheimen Fjellsportklubb

Tilstades:

Bjørn Slåen

Erik Sanden

Ola Iver Røe

Hilding Jonassen

Jo Øien

Siv Aina Tofte

Møtereferat

 

 

  • Oppstart inneklatring. 20.30 til 22.00 Torsdag

    17.30 til 21.30 Måndag

    Frå haustferien veke 40, til påske veke 15.

    Om mogleg utvide tida utover våren.

    Brattkort. Bjørn og Øystein har ansvaret for å organisere brattkort-kurs.

    Brattkort-kurs i oppstarten vil bli i veke 41, 44 og 48, måndagar. Pris vil bli avgjort snart innad i styret.

    Absolutt krav om brattkort etter veke 48.

    Ola Iver set opp ein plan over kven som skal vere der til kvar klatring. Dette blir folk frå styret eller klubben. Lista vil bli kombinert med oppsett over ruteskruving.

    Til informasjon: Ingen treng i utgangspunktet nøkkel til hallen da det er ope på kveldstid.

    Hilding og Siv informerer på VDG. i Lom og Ungdomsskulen i Vågå. Plakat vil bli hengt opp, også på Otta vidaregåande. (Ola Iver)

     

  • Status på klatrefelt på Vinstra. Intet nytt.

     

  • Diskusjon av kva vi skal gjere med plan om buldrerom i Vågå legg vi daudt enda.

    Vi vil samle informasjon om kva nabobygdene tenkjer og ev. Få til eit samarbeid.Vi må tenkje rekruttering. Kva moglegheitar har vi? Saka vil bli teke opp ved neste møte. ( Erik vil få litt info. frå Rolv Vegard Sandviken – Sport 1, og ev. Siv frå Hans Magne Ramen)

 

  • Jubileum. Det skal delast ut ein æresprisdiplom. Innramma. Denne skal gå til Terje Kleiven for stor innsast, og for at han har vore ein stor initiativtaker og inspirator for mange. Han er og den som har lengst fartstid i klubben

    Ola Iver skal finne kriteria som ligg til grunn. Styret og andre lager lista over kven som skal

    si/syne noko i peisstuggu laurdag etter middagen.

    Siv lager program over helga på A3- ark som skal henge på Leirvassbu under jubileumshelga.

     

  • Nye klubbskjorter er i anmars. Siv Aina jobbar med saka og vonar at dei vil bli ferdige innan julebordet 2011.

     

  • Neste møte veke 45

     

     

     

    Vågå 06.09.2011, Siv Aina

Admin login