Møtereferat fra styremøte 12.mai

 

Tilstades:

Bjørn Slåen

Erik Sanden

Ola Iver Røe

Hilding Jonassen

Jo Øien

Siv Aina Tofte

Møtereferat

  • Vågå idrettslag ved Vidar Elda og Steinar Løkken informerer om den tenkte «nyhallen».Årsaker til at den bør byggast. Mykje verkar usikkert pga. økonomi.

    Han fortel om korleis vår plass er tenkt. Mogleg vegg i hallen med eit utbygg.

    Eller eit bygg der det er ein klatrehall adskilt frå hallen, altså ein del av mellombygget.

    Vi kan søke om eit region-anlegg da vi har medlemmar frå heile regionen. (Kontakte regionkontoret)

    Vi må bygge veggen og betale kostnadane/drifta, og vi må betale ein symbolsk sum for eigedommen vi bygger på.

    Vi vil ta kontakt med klatreforbundet. Elda vil sjekke ut kor mykje sjølve bygget vil koste.

  • Thea Dalen informerer om «Jutulrock». Kva kan JFK bidra med?19-21 august på open dag laurdag i Jutulheimen.Buldrekonkurranse?

    Skal vi lage ein mobil buldrevegg? Jutulrock kan bidra med 10000.- til dette.

    Stian Viken vil sponse oss med «Makros» (formasjonar i finnèr).

    Vi kan også bruke denne under «Vågå Dågå».

    Dette er god reklame for oss, også mtp. rekruttering.

 

  • Buldrerom i kjellaren på gamle ysteriet. Hilding informerer. 3000.- i husleige i mnd. + betale straum. Må vurderast opp imot hall-prosjekt. Vi veit meir om dette i haust når bygging om ny hall blir avklara. Hilding vil be om at vi må få vente til i haust med å bestemme oss.

 

  • «Vågå Dågå» 10-13. juni. Kva bidreg vi med? Mobil klatrevegg. Reklamere for jubileumsbok. (Hilding?)

 

  • Sende klubbrapport til Norsk klatring om 30-årsjubileumet. ( Ola Iver?)
  • Jubileumsfest. 16-19. september på Leirvassbu.Fotoutstilling. Tenke program!

    Legge ut dato på heimeside og Facebook.

    Ønskje om innspel frå alle som er medlemmar.

    Hugs: Terje skal lese dikt av Ole Ragnar Bakkom: « En rundreise i nedverdigelser»

    Siv Aina og Bente vil handsame så fort som råd. Delegering av ansvar bør skje så fort som overhovudet mogleg!

  • Innføring av Brattkort hausten 2011.Vi har 4 i klubben (Bjørn, Torstein, Per Magnar, Øystein og Hans Kristian) som er brattkort-instruktørar. Vi bør innføre godkjenning av dei som nyttar veggen frå hausten 2011.

    Bjørn dreg dette igang. (Ta kontakt med Bjørg Liljedahl, Norges klatreforbund.)

 

  • Søke om bolter til det nye klatrefeltet på Vinstra?Søknadsfrist 15.mai. Må få utsetjing. Ola Iver tek kontakt med Bjørg L. Bjørn vil freiste å spore opp grunneigar av området.)
  • Skal vi søke om tilskot til lavterskel-aktivitetar? «Nei», var eit samrøysta svar frå styret.
  • Vi må tenkje på kva vi gjer med veggen i hallen før hausten. Den må renoverast.Dette må drøftast på neste møte.

 

  • Depo for utstyr hjå Øystein på Lalm. Alt utstyr bør samlast der, og det bør nyttast loggbok ved utlån.
  • Eventuelt
  • Nye stutterma skjurter? Bør vi få tak i spons?? Ty-merkje med logo som kan strukast på klede el. sekk.Siv vil sjekke ut dette til neste møte.
  • Neste møte: Onsdag 15.juni. Invitasjon kjem veka før frå leiar.Vågå 12.05.2011, Siv Aina

Admin login