Sparebankstiftelsen DNB med midlar til buldrerommet i Lom!

Det har i desse dagar kome ei gledeleg nyheit frå Sparebankstiftelsen DNB.

Jotunheimen Fjellsportklubb si grein i Lom får torsdag 11. des. kl.10.00, tildelt ein stor sjekk med midlar tiltenkt innkjøp av klatretak, tjukkaser og opprusting av lokale i Lom.

Moderklubben vil med dette sende mange gratulasjonar til den nyetablerte basa i Lom!!! Lykke til med arbeidet!