Søppel, tomflasker og kalk

Klubben fekk i 2014 advarsel frå Telenor angåande kalkstøv på el-installasjonane deira. Styret vedtok med dette forbod mot bruk av lauskalk. Reinhaldet skulle òg verte innskjerpa.

No, eit år etter, ser dette ut til å vera gløymt. Dette har ikkje berre med Telenor å gjera, men òg vår eigen trivsel. Det er ikkje noko ved å koma til buldrerommet for å trene, når det fyrste som møter ein er eit nedkalka rom med søppel og tomme burn-boksar og brusflaskar alle stader.

Styret slo dermed fast på styremøtet 2.juli, at det ikkje skal kastast att noko søppel på buldrerommet i det heile. Alt søppel som vert teke med inn skal takast med ut att. Vi håpar dette kan bidra til eit reinare og trivlegare buldrerom om alle ryddar opp etter seg sjølve.

Eg (Oda) meiner det er ei sjølvfylgje at den som brukar buldrerommet mest òg skal vaske mest. Spre gjerne bodskapen til dei du veit ikkje er på nett.

 

 

Amen

Oda