Informasjon angåande bruk av Vågåhallen på kveldstid!

Det har kome ut eit informasjonsskriv angåande bruk av Vågåhallen på kveldstid:

Hovuddøra til Vågåhallen skal kun nyttast ved arrangement og kampar, ergo skal ho vera låst ved vanleg trening. Det vil seie at vi må nytte inngangen som er på baksida av hallen/skuleinngangen når vi skal klatre.

Den som har ansvaret for inneklatringa frå gong til gong har ansvaret for å låse opp denne døra om ho er låst. Nykkelen er å finne i eit eige skap. Må hengjast på plass etter bruk. Lager og dør til vestibyle må låsast, samt ljoset må slåast av etter endt økt.

Det er viktig at berre dei som er på trening er inne i Vågåhallen. Vi har dermed eit felles ansvar for å sjå til at ikkje uvedkomne kjem inn i hallen. Vi må og sjå til at det er tomt i lokala før vi låser att døra.

Dei som nyttar seg av hallen skal og ha kjennskap til bruk av sikringsutstyr, rymningsvegar og naudtelefon.

 

Helsing styret i JFK