Betaling av medlemskap og treningsavgift!

Hei!

Styret i Jfk vil med dette minne om nytt år og dermed ny innbetaling av medlemskap og treningsavgift.  Fristen for innbetalinga er sett til fredag 14.februar 2014. Inngangsbrikka til buldrerommet vil bli stengt om ein ikkje har betalt innan fristen, men vil opnast att så fort innbetalinga er registrert på konto.

All info. om medlemskap og treningsavgift ligg øverst i menyen på heimesida.

Vi ynskjer med dette eit nytt aktivt og sosialt år i Jotunheimen Fjellsportklubb!

 

Med vennleg helsing

Styret