Registrering i Min idrett
Etter krav frå idrettsforbundet har vi innført elektronisk medlemsregister i Min Idrett, og frå
i år vil utsending av kontingent behandlast digitalt. Dei fleste medlemmane våre er allereie registrert i
Min idrett, men mange har ikkje oppretta personleg profil. Vi ber deg derfor følgje instruksen
nedanfor for å opprette din personlege profil. Her kan ein blant anna registrere personlege
opplysningar, aktive idrettar, familierelasjonar og e-postadresse.
- Opprett profil
Gå til http://minidrett.no/. Klikk på linken «Ny bruker» og opprett ein individuell brukarprofil per familiemedlem. Du kan seinare knyte individ saman til ein familie,
du vil da få tilsendt faktura for familiemedlemskap. Om du har fått feil kontingenttype eller hvis familierelasjonane ikkje stemmer, kan du logge inn og endre dette. Deretter varslar du oss
og vi sender ny faktura. Kontakt medlemsansvarleg, Tom Daae, på 957 66 159 eller tom@daae.net. - Søk medlemskap i Jotunheimen Fjellsportklubb
Når du har oppretta profil kan du søkje medlemskap i JFK ved å
gå til arkfana «Medlemskap» og søke opp klubben. - Motta faktura på medlemskap og treningsavgift
Når du er registrert som medlem, vil du motta faktura på medlemskontingent og eventuell treningsavgift, via registrert e-postadresse. Fakturaen kan betalast via Min idrett eller på vanleg måte med KID-nummer.
Har du problem med eller spørsmål til innlogging/registrering i Min idrett kan du kontakte
support@idrettsforbundet.no, eventuelt tlf 03615.
Medlemskontingent og treningsavgift
Alle som deltek i aktivitetar i regi av Jotunheimen Fjellsport må vere medlemmar og betale medlemskontingent. Dette er viktig blant anna for at du som utøvar skal vere dekka av vår klubbforsikring ved skade. Sjå eiga artikkel om medlemskap og treningsavgift for oversikt over satsane.