Medlemskap og treningsavgift

For å bli medlem i Jotunheimen Fjellsportklubb må du betale medlemskap og treningsavgift.

Dette gjev deg 20% rabatt på Vertical Playground på Oppdal (www.vpg.no) og 15% på Fjell og Fritid i Lom. Du får tilgang på klubblavvo og isklatreutstyr, samt adgang til Vågåhallen og buldrerommet, avhengig av kva treningsavgift du betaler for. Fyrste gong er gratis. Vi arrangerer òg ulike klubbturar for alle våre medlemmar. Sjå aktivitetskalender for info.

Medlemskap og treningsavgift går frå januar til desember, men om du byrjar å klatre inne i august,  er det ok å betale medlemskap og halv treningsavgift for resten av året. Betalingsinformasjon finn du nedst på sida.

Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret.

Medlemskap og treningsavgift har frå og med 2013 tre variantar:

 

1. Medlemskap:

Dette må betalast av alle som vil nytte anlegga våre, samt dei som berre vil vera medlemmar i JFK (og ha nytte av medlemsfordelane), men ikkje vil nytte anlegga våre. 

Prisoversikt:

– Medlemskap: kr 200,- 

– Familiemedlemskap:  kr 250,- 

 


2. Treningsavgift i Vågåhallen:

Passar for deg som vil vera medlem i JFK, samt nytte klatreveggen i Vågåhallen. Da må du i tillegg betale  treningsavgift. Treningsavgifta er på kr.600,- pr. vaksen (over 16 år).

Døme (pr.år):

Vaksen: Medlemskap (kr.200,-) + treingsavgift (kr.600,-) = kr.800,- 

Barn: Er du barn under 16 år og berre vil trene i Vågåhallen, betaler du kun medlemskap på kr.200,- 

Familie: Kvar familie betaler kr.250,- i medlemskap for heile familien. Klatringa i Vågåhallen er inkludert i denne prisen for barn under 16 år. Dei vaksne i kvar familie må  i tillegg betale treningsavgifta på kr.600,-

 

 

3. Treningsavgift for buldrerommet i Lom og Vågå. :

Passar for deg som vil vera medlem av JFK og  nytte  buldrerommet i Lom og Vågå. Treningsavgifta er på kr.1000,- for  vaksen, og kr.500,- for barn under 16 år. For denne treningsavgifta kan du i tillegg nytte klatreveggen i Vågåhallen. 

Døme (pr.år):

Vaksen: Medlemskap (kr.200,-) + treningsavgift  (kr.1000,-) = kr.1200,-

Barn (under 16 år): Medlemskap (kr.200,-) + treningsavgift (kr.500,-) = kr.700,-

Familie: Ein familie med ein vaksen og eit barn, betaler medlemskap (kr.250,-) + treningsavgift (kr.1000,-pr.vaksen og 500,- pr.barn) = kr.1750,-

 

 

4. Treningsavgift for skular:

Vi har eiga treningsavgift for skular, der det er ei mnd.avgift på kr.500,-. Da har elevane moglegheit for å nytte buldreromma (Lom og Vågå) i skuletida, saman med ein lærar. Skulen får da ei inngangsbrikke med personleg kode. Det er òg mogleg å betale for separate mnd.

 

 

Inngangsbrikke til buldrerommet: 

For å kome inn på buldrerommet må alle ha si eiga inngangsbrikke. Denne har ein eingongskostnad (depositum) på kr. 100,-

 

Drop-in: 

Vi har drpo-in løysing på båe buldreromma og i Vågåhallen. 50kr pr.økt. Betal inn til ein i styret som er til stades, eventuelt putt i postkassa med lås som står på staden.

 

Betalingsinformasjon:

 

Nytt av året 2017 er elektronisk medlemsregistrering og elektronisk innbetaling. Info. vert lagt ut her og på Fb så snart den er klar.

Kontonr:  2085 63 39476.

Frist for innbetaling er 1.mars kvart år. Etter dette vil adgangsbrikka på buldrerommet bli sperra.

Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret 🙂

Admin login