Vågå 27.03.2012
Referat frå årsmøte 2012
Stad: Bokhandelen kafe
- Tilstades: Ola Iver Røe, Torstein Øygarden, Bjørn Slåen, Erik Sanden, Svanhild Lyngved, Jo Øien, Hilding Jonassen, Rolv Valde Sletten, Silje Wold Kleiven, Siv Aina Tofte
- Møteleder: Ola Iver
- Sekretær: Siv Aina Tofte
- Ola Iver går gjennom årsmeldinga frå året 2011. mange har vore på tur, og alle er samde om at klubben er i oppsving.
- Jo gjekk gjennom rekneskap og budsjett. Vi har gått 26093.- i minus noko pga. rest av gamle klubb t-skjorter. Budsjettet for 2012 er difor noko redusert.
- Valstyre v/Torstein Øygarden las opp forslag til nytt styre.
Hilding Jonassen og Siv Aina Tofte går ut. Svanhild Lyngved og Øystein Kleiven går inn. Reisten er på attval. Torstein sit i valstyre saman med Oda. Alle stemte for.
- Hilding Jonassen synte tilslutt bilete frå nye buldrefelt han har funne i bygda.
Vågå 27.03.2012
Siv Aina Tofte