Vedtekter

LOV FOR JOTUNHElMEN FJELLSPORTKLUBB (STIFTA 06.12 1981)

VEDTEKE 06.12 1981, SISTE VEDTAK OM ENDRINGER 06.02.2013

 

 

§ 1 (FORMÅL)

 

Laget er sjøleigande og frittståande, og utelukkande med personlege medlemmar.

 

Laget sitt formål er å drive idrett organisert i Norges Idrettsforbund, ved aktivt å utøve og delta i

innandørsklatring.

 

JFK skal arbeide for utøving av allsidig og god fjellsport med særleg vekt på:

– fjell- og isklatring

– brevandring

– fjellskigåing

– buldring og klippeklatring

 

JFK skal støtte, utforme og/eller gjennomføre kurs, fellesturar, møte og informasjonsarbeid, og på denne måten arbeide for:

– naturoppleving i

– vern og kjennskap til

– trygg ferdsel i

det naturmiljøet sporten er utøvd.

 

J.F.K. skal vera open for samarbeid, kontakt og utveksling med andre fjellsport- og klatreklubbar og den alpine fjellredningsgruppa i Nord-Gudbrandsdalen.

 

 

§ 2 (ORGANISATORISK TILKNYTING)

 

Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Oppland Idrettskrets.

 

Laget er tilknytt Norges Klatreforbund som særforbund.

 

Laget høyrer heime i Vågå kommune, og er medlem av Vågå Idrettsråd.

 

 

§ 3 (MEDLEMMAR)

 

Alle som lovar å overhalda laget sine lover og reglar, samt til dei overordna idrettsstyremakter, kan verta opptekne som medlemmar.

 

Dessutan pliktar eitkvart medlem å overhalde NIF sine lover og avgjerder, samt lover og avgjerder til deira organisasjonsledd og medlemmer, og i tillegg laget sine.

 

Ein søkjar kan ikkje takast opp som medlem utan at økonomiske forpliktingar til andre organisasjonsledd og medlemmar i NIF er gjort opp.

 

Medlemsskap i laget er fyrst gyldig og reknast frå den dag fyrste kontingent er betalt.

 

Laget pliktar å føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale medlemsregister, i tråd med retningsliner gjeve av Idrettsstyret.

 

 

§ 4 (RØYSTERETT OG VAL TIL TILLITSVERV)

 

For å ha røysterett på laget sine møter må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad og ha oppfylt forpliktingane for å vera medlem, jamfør NIF sin lov § 2-5. Ingen kan møte eller avgjeva røyste ved fullmakt, jamfør NIF sin lov § 2-9.

 

Alle medlemmar som har røysterett og som ikkje er arbeidstakar i laget, kan veljast til tillitsverv i laget, og som representantar til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon.

 

 

§ 5 (KONTINGENT)

 

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet.

 

Medlemmar som skuldar kontingent for meir enn 1 år har ikkje røysterett eller andre rettar, og kan av styret strykast som medlem i laget. Dersom ein medlem vert stroke, kan det ikkje takast opp att før all skyldig kontingent er betalt.

 

 

§ 6 (TILLITSVALDE SI GODTGJERING)

 

Tillitsvalde kan motta refusjon for faktiske utgifter. Utgifter til refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap. Tillitsvalde kan motta ei rimeleg godtgjering for arbeidet sitt. Utgifter til tapt arbeidsforteneste og til godtgjering skal gå fram av budsjett og rekneskap.

 

 

§ 7 (KJØNNSFORDELING)

 

Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, medlemmar til styre, råd og utval mv. i NIF og NIF sine organisasjonsledd, skal det så langt det let seg gjere veljast kandidatar/representantar frå båe kjønn.

I styret i JFK skal båe kjønn vere representert. Varamedlemmar tel ikkje med ved berekninga av kjønns-samansetninga.

§ 8 (INHABILITET)

 

For laget sine tillitsvalde, oppnemnde tillitsvelde og ansette, gjeld NIF sine inhabilitetsreglar, jfr. NIF si lov § 2- 8.

 

 

§ 9 (STRAFFESAKER)

 

For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 og 12 (NIF sine straffebestemmelsar).

 

 

 

§ 10 (ÅRSMØTE)

 

Laget sitt høgste organ er årsmøtet som vert avvikla i februar kvart år.

 

Årsmøtet vert innkalla av styret med minst 1 månads varsel, direkte til medlemmane eller gjennom

kunngjering i pressa. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vera sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Komplett saksliste må vera tilgjengeleg for medlemmane seinast 1 veke før årsmøtet.

 

Alle laget sine medlemmar har adgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitera andre personar og/eller media til å vera til stades.

 

Årsmøtet er vedtaksført med det talet på medlemmar som har røysterett og som reellt møter. Ingen har meir enn ei røyste, og røystegjevinga kan ikkje skje ved fullmakt.

 

På årsmøtet, kan forslag om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast 1 veke før årsmøtet, verta handsama. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slik avgjerd kan berre takast i høve til vedtak om godkjenning av saklista.

 

 

§ 11 (LEIING AV ÅRSMØTET)

 

Årsmøtet vert leia av ein dirigent. Dirigenten treng ikkje vera medlem av laget.

 

 

§ 12 (RØYSTEGJEVING PÅ ÅRSMØTET)

 

Med mindre anna er avgjort, skal eit vedtak for å vera gyldig verta avgjort med allminneleg fleirtal av dei avgjevne røystene. Blanke røyster skal sjåast på som ikkje avgjevne.

 

Val foregår skriftleg dersom det ligg føre seg meir enn eitt forslag. Berre kandidatar som er føreslege kan førast opp på røystesetelen. Skal fleire veljast ved same avstemming, må røystesetelen innehalda det antal kandidatar som det skal veljast ved vedkomande avstemming. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, eller anna tal på kandidatar enn det som skal veljast, tel ikkje, og røystene skal sjåast på som ikkje avgjevne.

 

Når eit val går føre seg enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei avgjevne røystene, skal det føretakast bunde omval mellom dei to kandidatar som har oppnådd mest røyster. Er det ved omval likt antal røyster, skal det avgjerast med loddtrekning.

 

Når det ved eit val skal veljast fleire ved ei avstemming, må det for at alle skal sjåast på som valde, ha meir enn halvparten av dei avgjevne røystene. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar. Dersom det ikkje er nok kandidatar som har oppnådd dette i fyrste omgang, skal dei som har fått meir enn halvparten av røystene sjåast på som valde. Det skal då føretakast eit bunde omval mellom dei øvrige kandidatane, og etter denne avstemminga skal dei som har fått mest røyster takast som valde. Er det ved omval likt antal røyster, skal det avgjerast med loddtrekning.

 

 

§ 13 (ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER)

 

Årsmøtet skal:

 

1. Handsame laget si årsmelding.

2. Handsame laget sitt rekneskap i revidert stand.

3. Handsame innkomne forslag.

4. Fastsetja kontingent.

5. Vedta laget sitt budsjett.

6. Avgjera laget si organisering (jfr. § 16).

7. Val av:

a) Leiar

b) 4 styremedlemmar og 2 vararepresentantar

c) Sikkerheitsansvarleg

d) Eit styreverv går over ein periode på 2 år.

e) Styremedlemmane konstituerer seg sjølve på fyrste styremøte etter årsmøtet.

f) Revisor og revisor sin vararepresentant.

g) Representantar til ting og møter i dei organisasjonar laget er tilslutta.

 

 

§ 14 (EKSTRAORDINÆRE ÅRSMØTE)

 

Ekstraordinære årsmøte vert haldne når styret eller overordna idrettsstyremakt avgjer det, eller når minst ein tredjedel av medlemmane med røysterett krev det.

 

Det vert innkalla på same måte som for ordinære årsmøter med minst 14 dagars varsel.

 

Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame og ta avgjerder i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

 

 

§ 15 (STYRET)

 

Laget vert leia av styret som er laget si høgaste styresmakt mellom årsmøta.

 

Styret skal:

 

1. Iverksetja årsmøtet og overordna idrettsstyresmakt sine vedtak og bestemmelsar.

2. Oppnemna komitear/utval/personar for spesielle oppgåver etter behov, og utarbeida instruks for desse. I tillegg innkallar dei utvalsleiarane til styremøte etter behov.

3. Administrera og føra naudsynt kontroll med laget sin økonomi i høve til dei for idretten til ei kvar tid gjeldande instruksar og bestemmelsar.

4. Representera laget utad.

 

Styret skal halda møte når leiaren avgjer det eller eit fleirtal av styremedlemmane forlangar det.

Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styret sine medlemmar er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei avgjevne røystene. Ved likt antal røyster tel møteleiaren si stemme dobbelt.

 

 

§ 16 (AVDELINGAR /GRUPPER)

 

Laget kan organiserast med avdelingar og/eller grupper. Desse kan leiast av oppnemnte tillitspersonar eller av velde styrer. Laget sitt årsmøte avgjer opprettinga av avdelingar/grupper, og korleis desse skal organiserast og leiast.

 

For avdelingar/grupper sine økonomiske plikter heftar heile laget, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtalar eller representera laget utad utan styret si godkjenning.

 

 

 

 

§ 17 (LOVENDRING)

 

Endringar i denne lova kan berre bli gjort på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore oppført på saklista, og det skal vera 2/3 fleirtal av dei avgjevne røystene.

 

Lovendring må godkjennast av styret, og trer ikkje i kraft før dei er godkjente. Styret kan i godkjenninga av nye lover redigere desse slik at dei ikkje kjem i motstrid med bestemmingar i NIF si lov.

 

 

§ 18 kan ikkje endrast.

 

 

§ 18 (OPPLØYSING)

 

Oppløysing av laget kan berre behandlast på ordinært årsmøte. Dersom oppløysing vert vedteken med minst 2/3 fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte 3 månadar seinare. For at oppløysing må skje skal vedtaket gjentakast med 2/3 fleirtal.

 

Samanslutning med andre lag vert ikkje sett på som oppløysing av laget. Vedtak om samanslutning og naudsynte lovendringar i tilknyting til dette skal gjerast i samsvar med avgjerslene om lovendring, jfr. § 17.

 

I tilfelle oppløysing eller anna opphøyring av laget, fell eigendelane til laget til NIF, eller formål godkjent av Idrettsstyret.

 

Ved oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til idrettskrinsen.

 

Ved konkurs vert laget rekna som oppløyst og mister såleis sitt medlemskap i NIF. Ved konkurs gjeld reglane i konkurslova og dekningslova.

 

Admin login