Historie

Rundt 1980 begynte det så smått å gro fram eit klatremiljø i Ottadalen og det vart behov for å samle likesinna i ein eigen klubb. JFK vart stifta i 1981. Målet har heile tida vore ein klubb for folk som ønska å drive fjellsport i vidaste betydning som alle former for klatring (is, klippe, storvegg osv), tinderangling, breturar og skiturar i fjell- og villmark.

For slik aktivitet ligg Nord-Gudbrandsdalen midt i ”smørauga” med Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell som nærområde, og Romsdalen berre eit par timar unna. Attåt dette har vi flust med svellkuler og bratte skiutfordringar vinterstid. Dei viktigaste klatrefelta våre finn vi i Tronoddberget (Mjølkehåmårn) i Lom og i Jutulporten og ved Nessebrua i Vågå. I tillegg er det ei røys med andre mindre utvikla plasser.

I Vågåhallen fekk JFK sitt innendørs ”eldorado” i 1992, og i 2008 fekk vi eit nyttig supplement ved bygging av buldrerom på Klones. Heldigvis har ikkje dette ført til mindre uteaktivitet, snarare tvert om.

Dei snart 30 åra som har gått har du funne JFK-ere høgt og lågt, nært og fjernt: Frå buldresteinar og klippefelt i Nissedal og Trøndelag til Trollveggar i Romsdal og Prest og Stetindar i Nord-Norge. Frå solskinnsklipper i Thailand, Kalymnos, Spania og Kanariøyer til hutrande høgder i Thien Shan, Kina, Denali og Alpane. Frå Yosemite sine granittstup til vakre Tatrafjell, eller vårskiturar over Jostedalsbreen eller ”villmannskjøring” frå bratte Jotunfjell. Berre for å nemne litt av spennvidda.

Aktiviteten i klubben har heile tida vore  tufta på ei god grunnstamme. ”Greinhenget” som omfavnar stamma har sjølsagt variert, men er i dag tettare og betre enn nokon gong.