Medlemskap og treningsavgift går frå januar til desember, men om du byrjar å klatre inne i august, er det ok å betale medlemskontingent og halv treningsavgift for resten av året. Betalingsinformasjon finn du nedst på sida.
Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret.
Medlemskontingent
Dette må betalast av alle som vil vera medlem i klubben. Medlemskap gjev deg moglegheit til å nytte medlemsfordelane.
Som medlem i JFK får du:
- Fylgjande rabatter på utstyr hos Intersport Rondane i Otta:
Klatreutstyr 20% rabatt
Fjellbekledning 20% rabatt
Telt, soveposer, liggeunderlag 20% rabatt
Fjellsko 20% rabatt - 15% hos Fjell og Fritid i Lom
- 20% på klatreutstyr hos VPG i Oppdal og på vpg.no. Kriterier gjelder, ta kontakt for kode.
- Tilgang på klubblavvo
- Tilgang på isklatreutstyr
- Moglegheit til å delta på ulike klubbturar, konkurransar og julebord. Sjå aktivitetskalender for info.
Prisoversikt
Frå og med 2024 vert medlemskontingenten i JFK sett opp med kr 50,- til følgjande prisar:
- Enkeltmedlem: kr 250,-
- Familemedlemskap: kr 300,-
Treningsavgift
Dette må betalast av dei som ynskjer å nytte anlegga våre.
Tauklatring
Dette gjer deg moglegheit til å nytte klatreveggen i Vågåhallen.
Prisoversikt
- Vaksen (16 år eller eldre): kr 600,-
- Barn (yngre enn 16 år): kr 0,-
Buldring
Dette gjer deg moglegheit til å nytte buldreromma i både Lom og Vågå, i tillegg til klatreveggen i Vågåhallen. For å kome inn på buldrerommet, må alle ha si eiga inngangsbrikke. Denne har ein eingongskostnad (depositum).
Prisoversikt
- Vaksen (16 år eller eldre): kr 1000,-
- Barn (yngre enn 16 år): kr 500,
- Depositum adgangsbrikke: kr 100,-
Døme på prisar
Eit barn under 16, som berre vil trene i Vågåhallen:
- Medlemskontingent: 250,-
- Treningsavgift: 0,-
- Sum: 250,-
Ein vaksen som berre vil trene i Vågåhallen:
- Medlemskontingent: 250,-
- Treningsavgift: 600,-
- Sum: 850,-
Ein familie med to vaksne og to barn som alle ynskjer å trene i Vågåhallen:
- Medlemskontingent: 300,-
- Treningsavgift: 2 * 600,- + 2 * 0,-
- Sum: 1500,-
Ein familie med to vaksne og to barn, som alle ynskjer å buldre:
- Medlemskontingent: 300,-
- Treningsavgift: 2 * 1000,- + 2 * 500,-
- Depositum for adgangsbrikke (eingongsavgift): 100,-
- Sum: 3400,- fyrste året, deretter 3300,-
Treningsavgift for skuler
Vi har eiga treningsavgift for skular, der det er ei månadleg avgift på kr 500,-. Da har elevane moglegheit for å nytte buldreromma (Lom og Vågå) i skuletida, saman med ein lærar. Skulen får da ei inngangsbrikke med personleg kode. Det er òg mogleg å betale for separate månadar.
Drop in
Vi har drop in-løysing på båe buldreromma og i Vågåhallen.
Pr økt: kr 80,-
Betal inn til ein i styret som er til stades, via Vipps nummer 127940, eventuelt putt i postkassa med lås, som står på staden.
Betalingsinformasjon
Vi nyttar elektronisk innbetaling via Norges Idrettsforbund si løysing, Min Idrett.
Sjå eiga artikkel om registrering på Min Idrett, sånn at du kan motta faktura.
Frist for innbetaling er 1. mars kvart år. Etter dette vil adgangsbrikka på buldrerommet bli sperra.
Ved spørsmål ang. innbetalinga, ta kontakt med styret 🙂