-
Rundt 15 frammøtte. Ingen innvendingar til innkallinga.
-
Magne Svare vart valt som styreleiar og Ola Røe som sekretær.
-
Ingen kommentarar til årsmeldinga.
-
Regnskapet har ikkje vorte revidert, slik at berre resultatregnskapet vart gjennomgått. Regnskapet skal godkjennast på fyrste styremøte. Drifta har i 2009 gått med 30000 i minus. Hovedgrunnen til dette er i hovedsak nedskriving av buldrerommet, ny nettside og nye klatretak i tillegg til at antallet medlemmar har gått ned.
Kva kan gjerast med rekruttering?
-
Styre:
-Øystein Bakke stiller som sikkerheitsansvarleg i to nye år.
-Bjørn Slåen stiller som styremedlem i to nye år.
-Ulf Ryen stiller som styremedlem i to nye år.
-Terje Kleiven tek over som leiar i eitt år. Ola Røe tek over etterpå.
-Valnemnda (Ken Espen Solheim og Roar Valbjørgsløkken) vart valt opp att.
-Jo Øien fortset som kasserar.
-Siw Aina Tofte og Silje Anita Wold Kleiven vart valde som varamedlemmar.
Endeleg konstituering av styret vert gjort på fyrste møte.
-
Magne ga informasjon om den nye fleirbrukshallen og moglegheitene for ny klatrevegg og buldrerom. Vårt utgangspunkt er at klatreveggen må fullfinansierast. Styret set ned ein klatreveggkomite som i fyrste omgang består av Magne Svare og Øystein Kleiven og ein som styre vel. Klatreklubben er interessert å vere med vidare i prosessen.
Kvelden vart runda av med at Terje Kleiven viste bilder frå Hoggarfjella.