Isklatreførar

    Jukulkula

Klassikeren over alle klassikarar i distriktet, førstebstigi av to danskar, Finn Klinkeby og Mads Madsen 1979. Lina på ca. 260 meter smurt utover Jukulbergje. Lina ligg på solsida mellom Otta og Lalm og er umogleg å ikkje bli var når ein reiser oppover Ottadalen ein solskinnsdag. Lina er enkel å klatre, men lengda og eit par bratte parti på slutten gjer ho meir utfordrande enn brattleiken tilseier. Returner vestover til du kjem til kraftledning, og følg denne ned lia. Sesong frå november til slutten av mars. Linja ligg sydvent og får på gode solskinndagar eit sluchlag som er suverent å klatre på Kjør ca 12-13 km fra Otta i retning Vågå/Lom. Anmarsj opp lia ca 30 min

    Holepiggen

Ei (og av og til to) line(r) 3 km nordover frå Otta på vestsida hovuddalføret visàvis Selsverket. Godt synleg frå E6. Bratt og litt småsvett anmarsj på ca. 1 time. Ca.to-tre taulengder, der dei to siste har ein del bratte parti. I gode isår er det ein liten variant til høgre. Den kan evt. takast samstundes ein er oppi lia og klatrar. Linja er lite eksponert for sol. Retur på trær på venstresida, eller ablakov.

    Grotebekken

Grotebekken ligg ca. 5 kilometer oppover Heidalen (ta av ved Sjoa).
Området har is og istapper i eit breit felt, med to klare linjer. Det er kort anmarsj til isen

Hovudlinja er på to taulengder, ein bratt lengde og ei lengde der ein må gjennom eit lodrett parti som ofte er litt spooky. Linja vender direkte mot sør med ein del berg på kvar side. Fossen tæres fort opp av sola, så ikkje vent til etter 15. marsj med denne fossen.

Underteikna lurte seg opp i venstrekant av søyla og fant eit stovegulv på baksida, halvvegs på 2. taulengda. Der vart eg var eit svakt punkt i søyla som eg hogde meg gjennom og fortsatte vidare til toppen

Det er potensiale for svært bratte og krevjande miksruter i området. Det er ingen som har vore og bora opp. I venstrekanten er det ei totaulengders line med massiv is, slakt i starten, bratt på midten. Området høver godt som treningsfelt for vidarekommande.

Sjoa.
I elva Sjoa litt opp frå Bjølstadmo ligg det mykje is ned i sjoa, søraustevendt. Desse ser ein godt om ein kjører litt opp i retning Randsverk frå Bjøstadmo. Linjene er på sitt lengste drøyt 60-80 meter, av varierande brattleik. Dettarfossen (etter Dettarbekken) er den lengste. Området høver fint som treningsfelt. Hugs at det er kaldt ved elvebotn om det er klarver

    Mehlumsåe og Bjørndalsbekken

Mellom Otta og Sjoa ligg det to opplagte liner, Bjørndalsbekken og Melumsåe. Sistnemnte er på ca. 50 meter, bratt og høver fint til topptauing. Bjørndalsbekken er på to-tre taulengder, der den første taulengeda er slak og dei neste nokså bratte. Retur på trær.

    Bisberget

Rett opp frå Bismo, på norsida dalen, i Skjåk ligg Bisberget. Her dannast det av og til ei fin islinje på to taulengder, ei intro og ei bratt. Litt baskete anmarsj.

    Smørgrove

På veg frå Garmo gjennom Vårdalen kan ein bli var ei line høgt oppe i sørsida, Smørgrove. To lange taulengder, der første lengda er slak medan den andre er bratt og ofte med vindpåvirka is. Retur på bjørketrær (sjekk trea nøye!)

    Gerdingsåa

Ein bekk som går i eit trangt gjel i Garmo med fine opptak. Starten på gjelet sjåast godt frå Kvila Det er ein del crux i bekken som gjer dette gjelet til ein klassiker. Cruxa består i å passere opne høler på tynn is som best ein kan, gjerne med litt drytooling. Siste hølen frys sjeldan, og det er fleire som har fått ein ufrivilljug dukkert her. Etter denne hølen er det berre å beine til toppen, tørr eller blaut. Retur anten i skogen på vestsida gjelet, eller å gå mot Kleppdalsvegen og følgje denne ned til bygda. Om ein ikkje kjem gjennom den siste hølen, er det muleg å returnere temmeleg trygt same vegen ein kom.

Flå eller Flåklypa er mest kjent frå filmen Flåklypa Grand Pris. Det ligg ca. 10 kilometer frå Lom, straks ein har passert Flåklypa. På austsida hovuddalføret vil ein sjå mange liner av ulik brattleik og lengde. Området høver fint både for nybegynnarar og for litt vidarekommande.