Kategori: Beskjedar

  • Galdesand

    På Galdesand har det vore buldra i fleire år, og ein av dei som har vore mest aktiv er Stian Christophersen, ein av dei beste buldrarane i landet. Han har laga ei skisse over dei buldra han har gått, og denne skissa ligg nå i Buldrebanken!

  • Aktivitetsplan, medlemsavgift og treningsavgift

    Aktivitetsplanen for vinteren 2011 er klar! Gå inn på aktivitetetsplan vinter 2011 i toppmenyen. Tida for å betale medlemsavgift og treningsavgift er også komen. Minner om at når det gjeld bruk av buldrerommet i Kleiven og klatreveggen i Vågåhallen er fyrste gong gratis, deretter må ein betale medlemsavgift og treningsavgift. Frist for å betale er 1.mars.…

  • Vågåhallen er stengt denne veka

    Vågåhallen er stengt denne veka på grunn av vasslekkasje. Det vil altså ikkje bli klatring torsdag!

  • Program for julebordet!

    Buldrekonkurranse i Nørdre Kleiven kl 12.00. Møt opp i god tid! Julebord på Klones kl 19.00. Velkomstdrink og middag Foredrag: Gurla Mandata v/Dag Inge Bakke Premiering buldrekonkurransa Fjellquiz Premiering fotokonkurransa Årets diplomutdeling Detta bli bra!

  • Buldrerommet

    Buldrerommet vert stengt frå og med onsdag til laurdag slik at ruteskruvarane kan forberede buldrekonkurransa! Ruteskruvarar er Sivert og Hilding Jonassen, dei kjem til å skruve bulder i alle vanskegradar, så møt opp uansett ambisjonar og nivå!

  • Julebord!

    Nå er det nok ein gong duka for årets største fest! Den 18.desember blir det buldrekonkurranse med påfølgande julebord på Klones for alle ivrige fjellsportarar! Buldrekonkurransa blir i år arrangert hjå buldrekongen på Kleiven, og startar kl. 12.00. Klokka 19.00 blir det middag, premieutdeling og god underhaldning på Klones. Vil du ha noko anna enn…