Temamøte i Norsk Fjellmuseum, Lom Tirsdag 21. april 2015 kl 1830
Lysbileteforedrag med Arne Larsen: «Store Skagastølstind – Fjellet, fjellfolk, historier og myter»
Kvifor har Store Skagastølstind den heilt spesielle posisjonen i norsk fjellhistorie? Var William C. Slingsby førstemann til toppen, eller –? Kven var dei andre, store klatrarane i Jotunheimen på slutten av 1800-talet? Ville dei greidd seg utan dei lokale førarane? Var klatringa i Jotunheimen berre ein mannfolksport?
Dette, og mykje meir, vil Arne fortelja om i sitt lysbileteforedrag.
Møtet er ope for alle interesserte. Hjarteleg velkomne til ein interessant kveld i Fjellmuseet!
Det vert enkel servering. Inngang kr. 100.
PS: Sjå vedlagt plakat!