Tilstades: Ola Iver Røe, Bjørg Liljedal, Øystein Kleiven, Erik Sanden, Bjørn Slåen, Ken Espen Solheim og Svanhild Lyngved.
Bjørg Liljedal frå Norges Klatreforbund vitja oss og kom med gode innspel ang drifta av JFK og revisjon av dei gamle vedtektane.
- Buldrerom i Telenorbygget:
JFK held nå på å inngår ei avtale med Telenor Holding om leie av Telenorbygget i industriområdet i Vågå. Vi ventar på eit skriftleg utkast av leiekontrakt og styret vil da ta stilling til om vi inngår ei avtale.
- Organisering av inneklatring til hausten:
Vi held fram med inneklatring måndagar og torsdagar. Det vil bli same tidspunkt måndagane,-og vi vil freiste å få til eit tidlegare tidspunkt torsdagane.
Hvis vi får igang eit buldrerom i Telenorbygget bør vi prøve å få til faste kveldar her òg.
I forhold til inneklatringa anbefalar vi alle å ta brattkortkurset,da dette er eit godt sikkerheitstiltak.
JFK har søkt om tippemidler for oppbolting av det nye klatrefeltet på Vinstra. Om dette går i orden, byrjar oppboltinga av feltet i sumar.
Vi har fått tilbod om ei klubbavtale med VPG der JFKs medlemmar får 20% både i butikken og i nettbutikken. Dette tilbodet gjeld klatreutstyr,fjellbekledning og fjellstøvlar. Dei kan også arrangere handledagar i nettbutikken eller på Oppdal der vi kan få yttlegare rabatt på utvalgte varer.
JFK har ikkje endra vedtektene i klubben sidan 1994. Bjørg foreslo å bruke standarvedtektene til NIF og legge til klubbens eigne formål og lovar. Vedtektane vert bearbeidd fram til neste årsmøte.
Det vart diskutert om JFK skal arrangere buldrekonkurranse på Jutulrock i august. Bjørg meinte det var mogleg å få låne ein ny, mobil buldrevegg frå NKF.
-Svanhild-