Frammøtte: Ola, Terje og Jo
1.Vi må gå over sikringar og topptogfeste og gje attendemelding til kommuna om dette. Per Ivar kan ta jobben sidan Øystein ikkje har anledning.
2.Terje orienterte om statusen på jubileumsboka.
3.Buldrerommet i Kleiven vart diskutert. Det er einigheit om at klubben betaler husleie og driftsutgifter (primært strøm), men at Øystein sine utgifter i forbindelse med bygging ikkje vert direkte refundert. Det var einigheit om at treningsavgifta skal aukast til 600 kr i året og at brukarar av buldrerommet som ikkje er klubbmedlemmar må betale 50 kr per gong. Desse inntektene går til klubben.
4.Aktivitetsplan for vinteren vart lagt.
5.Årsmøte blir onsdag 9.mars 1900 på Bokhandelen kafe. Valkomiteen må informerast.