Oppstart av inneklatring i Vågåhallen frå veke 42

Hausten er her for fullt og snart startar innesesongen i Vågåhallen att.

Fyrste vaksenklatring denne sesongen vert måndag 17. oktober. Merk seint tidspunkt kl. 20.30 – 23.00.

Barneklatring vert som før torsdagar kl. 17.30-19.00.

Adgangsbestemmingar klatrevegg og buldrerom

Klatrevegg og buldrerom kan nyttast av medlemmar som har betalt kontingent eller ved å betale drop-in. Sjå meir informasjon på heimesida her.

Alle som nyttar klatrevegg og buldrerom skal gjera seg kjent med og følgje NKFs sikringskortrutiner og klatrevettplakaten.

Forsikring

Vi anbefaler alle å teikne eiga forsikring.
Barn som er medlem av eit lag tilslutta NIF eller som deltek i organisert aktivitet i klubbens regi er forsikra til den dato dei fyller 13 år. Meir info om dette på idrettsforbundet sine sider her.

Barneklatring i Vågåhallen

Oppstart i veke 42. Kvar torsdag kl. 17.30-19.00.

Gratis utlån av seler/brems for medlemmer/drop-in.

JFK ser til at det er matter og topptau på plass og stiller med to klatrevakter som hjelper til ved spørsmål og sikring ved behov.


Regler for barneklatring/buldring (utover NKFs sikringskortrutiner og klatrevettplakaten)

Alle barn under 13 år skal være i følgje med ein vaksen.

Barn/ungdom sikrast av eigne foreldre eller andre vaksne som er ansvarleg for barnet. Klubben stiller med klatrevakt som hjelper til med rettleiing til sikrar og for å ivareta sikkerheita under klatringa. Klatrevakt kan hjelpe med sikring, men skal primært ivareta sikkerheita.

Sikrar skal inneha brattkort eller topptaukort.

Barna skal være under oppsyn av føresette. Andre barn kan når som helst falle/svinge ned frå klatre-/buldrevegg, slik at dei som oppheld seg i nærleiken må halde god avstand til dei som klatrar. Støynivået skal haldast moderat og barn skal ikkje springe rundt, leikeslåst o.l. slik at det er til fare for andre.

Har du ikkje topptau-/brattkort, kan du delta på kurs i veke 43 og 44, sjå under.

Ønskjer du å bidrege som klatrevakt?

Einaste krav er at du er over 18 år, har topptaukort og kan få klarert politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar). Ta kontakt med oss på Messenger eller på styre@jotunheimenfjellsport.com

Ungdoms- og vaksenklatring i Vågåhallen

Oppstart i veke 42, måndag 17. oktober.

Dessverre er det stor pågang i hallen og klatretidspunktet er dermed endra måndagar denne sesongen.

Måndagar: 20.30-23.00
Torsdagar: 19.00-21.30

Topptau- og brattkortkurs

Dato: 27. oktober og 3. november i samband med vaksenklatring

Kontaktperson: Ole Jacob Nordheim

Pris: kr 200,- for topptaukurs / kr 300,- for brattkort (i tillegg kjem ei registreringsavgift på kr 200,- for å få sjølve kortet frå NKF).
Deltaking på kurset føresett at du er medlem – eller melder deg inn – i Jotunheimen Fjellsportklubb.
Meir informasjon kjem.

Skader/avvik og ulykker:

Ved ulykker og nestenulykker er det viktig at de melder dette inn her: https://ulykkesdatabasen.no/ 
Andre avvik kan sendast til styre@jotunheimenfjellsport.com