Referat frå styremøte 25. april 2017

Referat frå styremøte 25.04.17

Frammøtte: Øyvind Sødal, Oda Espelund Vollan, Erik Sanden, Tom Daae, Per Mundhjeld og Audhild Veslum.

Saker:

 

 

Klubbmeisterskapet 2017

Elin Bakke har teke bilete frå kretsmeisterskapet. Tom legg dei i dropboks el.l slik at dei som vil kan laste dei ned.

 

JFK e-post

Vi bør skaffe oss ein eiga e-post. Litt utfordringar før vi får til dette, men vi jobbar med saken.

 

Buldreommet i Lom

Det viser seg at det truleg er for høge strømutgifter i buldrerommet i Lom. Vi må setje i gang tiltak som gjer at vi får redusert kostnadane. Ulike tiltak vart drøfta.  Vi må ha eit møte til med kommunen for å kome fram til noko endeleg løysing.

Rune Teigen har teke på seg å vere brannansvarleg for Lom buldrerom.

Vi ser på moglegheita for å få  GSM-modul for låsane på dei to buldreromma våre, slik at det blir lettare å samkøyre dei.

Buldrerommet blir mykje brukt av både medlemmer og  t.d skoleklasser og 4H.

Sentralstøvsugaren fungerer dårleg.

Vi bør sortere ut bolter som vi mistenkjer er øydelagde, og få gjenga dei opp att. Dette gjeld sjølvsagt alle tre anlegga våre.

 

 

 

Buldrerommet i Vågå

Framleis utfordringar med låsen. Vi  tek tak i dette på nytt med leverandøren.

Det er utfordringar når det gjeld orden og reinhald på buldrerommet.

Viktig at alle som bruker rommet gjer ein innsats med vasking og støvsuging. Sjå vaskelista.

Flott at mange er ivrige til å skruve nye bulder!

Viktig at alle som skruver passer på å merke buldera med tape og namn-TYDELEG. Da blir det lettare for andre å finne fram. Det er forbudt å fjerne tak frå bulder som er intakt. Dersom eit bulder skal skrus ned, må heile bulderet bli skrudd ned og tape må fjernes. Det blir kjøpt inn ei bok for å halde oversikt over alle bulder. Dette har vi god erfaring med frå buldrerommet i Lom.

 

Tronoberget

Vi må halde fram med dugnaden her. Vi kom godt i gang i fjor, men mykje arbeid står att enda.

 

Klatreveggen i Vågåhallen

Vi etablerer rutiner for ettersyn av toppfestene og anna utstyr.  Dette blir loggført.

 

Innkjøp

Det blir kjøpt inn utsyr for ca 10 000 kr. Det er avsett pengar til dette i budsjettet. Vi kjøper inn brehjern, breøkser, lange toppslynger til klatreveggen i Vågåhallen, ekspress-slynger, hjelmer m.m

 

 

 

 

Referent, Audhild Veslum