Møtereferat frå styremøte 22.oktober

Frammøtte: Terje, Bjørn, Siv, Ola og Jo

1.Jubileumsbok. Terje orienterte om jubileumsbok. Boka skal spegle av 30 års aktivitet i JFK og ho skal ferdigstillast i løpet av våren/førsommaren 2011. Frist for bidrag til boka er 1.februar 2011. Klubben må stille økonomisk sikkerheit for prosjektet.
2.Spelemidler. Søknadsfrist for spelemidler til utstyr er 15.november.
3.Buldrerom. Nytt buldrerom må byggast innan 3 år for å få ut forsikringssummen. Vi avventer kva som skjer med Klones. Skal vi bygge nytt buldrerom på Klones eller i den nye hallen i Vågå. Eit nytt buldrerom i Kleiven er under bygging, her bør klubben hjelpe til med driftskostnadar.
4.Kjøp av klatretak. Ole Ragnar Bakkom frå Skjåk har spurt om å kjøpe klatretak frå klubben. Vi har dessverre ikkje tak til overs, men vi ser positivt på initiativet. Buldrerommet i Lom er lite brukt, kva kan gjerast med dette?
5.Haust- og vinterprogram. Forslag: Klatreseminar med Marius Morstad: Teknikk, trening, inspirasjon. Lavvotur ved Russvatnet. Her er det moglegheiter for moderate toppturar, ryggtraversar, klatring og bratt skiståing i ein lite brukt del av Jotunheime. Julebord 18.desember, komiteen er godt i gang med planlegginga. Klubbtur til ski-VM i Holmenkollen med lavvoen. Isklatredag i Bøverdalen i februar. Tur til Sogndalshallen. Ei jubileumkonkurranse i Vågåhallen (innlandscup).
6.Brattkort i Vågåhallen? Skal vi innføre dette? Ein eller to av medlemmane har instruktørkurs for brattkort, så ei moglegheit er å innføre brattkortet innesesongen 2010/2011.