Inneklatring

Klatreveggen i Vågåhallen er ope mellom haustferie og påske, for alle som er medlemmar av Jotunheimen Fjellsportklubb og som har betalt treningsavgift. Det vil vera ein ansvarleg frå JFK tilstades på alle treningar som kan veilede nybyrjarar. Det er anledning til å låne seler, tau og sikringsmidler. Hvis du ikkje har klatresko er det heilt greit å bruke vanlege innesko. Vi anbefalar alle som vil klatre i Vågåhallen å ta Brattkort. Dette er eit kurs over to kveldar, som kostar 200 kroner. Kurs vert helde etter behov og i alle fall eit kurs gjennomførast i starten av innesesongen.

For info om klatretider, sjå Aktivitetsplan

For å kunne bruke buldreromma i Vågåmo og Lom fritt, må ein vera medlem og ha betalt medlemskap og treningsavgift. Hvis du ikkje ynskjer å betale treningsavgift, kan du betale drop-in, som kostar 50 kr pr. gong. Sjå for øvrig eiga side om medlemskap og treningsavgift

Barn under 14 år må til ein kvar tid ha med seg ein vaksen i Vågåhallen og på buldrerommet i Lom og Vågå.