Referat frå styremøte 8.januar 2017

Styremøte 8.januar 2017

Til stade: Bjørn Slåen, Tom Daae, Øyvind Sødal, Oda E. Vollan, Audhild Veslum og Erik Sanden.

Referent: Oda E. Vollan/ Audhild Veslum

Saker:

 

  1. Elektronisk medlemsregistrering og innbetaling via SportsAdmin.

Det blir sendt ut informasjonsskriv om dette. Heimesida blir også oppdater med rett informasjon . Innbetalingsfristen er framleis 1.mars.

 

  1. Offisiell opning av klatreveggen i Vågåhallen 4.februar 2017 kl.11.00-16.00.

Vi drøfta kva som skal stå på programmet. Korps, snorklypping, talar, kaffe og kake, storskjerm med logo til sponsorar, sal av jubileumsbok for JFK, ope vegg for klatring. Invitasjon blir lagt ut på heimesida og facebook, og plakatar blir hengt opp. Avisene blir inviterte.  Dei som har vore involverte i dugnadsarbeidet bli inviterte på dugnadsfest om kvelden.

 

  1. Merksemd til sponsorar.

Vi takker sponsorane våre på sosiale media, via heimeside og Facebooksida vår.  Vi legg inn bilete av veggen med logoen til dei som har sponsa oss. Oppfordrer alle styremedlemmer/klubbmedlemmer til å dele/like dette

 

  1. Årsmøte 17.februar kl.19.00 på Bokhandelen kafe.

Aktuelle saker i tillegg til nye årsmøtesaker: Ta opp den nye ordninga med elektronisk medlemsregistrering og innbetaling. Drøfte om tryggleiksansvarleg skal møte fast i styret. Kontingent. Logo.

 

Oversikt over kven som er på val:

 

Oda: På val i 2017.

Øyvind: På val i 2017.

Erik: ikkje på val.

Audhild: På val i 2017.

Tom: ikkje på val.

Karsten: På val i 2017.

Bjørn: ikkje på val.

 

Tryggleiksansvarleg, Ulf: På val i 2017.

 

  1. Div ang buldromma i Vågå og Lom

Reinhald i buldrerommet i Vågå. Vaske ein gong pr.mnd., i tillegg  støvsuge ein gong pr.veke. Viktig at alle gjer ein innsats for å halde orden, vaske, rydde, ta med seg søppel og sørge for at alle bulder er tydeleg merka.

Det blir kjøpt inn kasser for lagring av papir etc

Innkjøp av postkasse med lås for drop-in brukarar på buldrerommet i Vågå.

Forhøre oss om kva vi må gjere for å få låsane i Lom og Vågå til å fungere godt. Synkronisere låsane i Lom og Vågå.

Kontakte Nordtura ang plastbakker til å lagre klatretak i.

 

 

  1. Klatring/klatreveggen i Vågåhallen

Det er kamp om mattene i hallen. Vi varslar  kommunen om behov for nytt innkjøp. Vi må oppdatere informasjonstavla Vågåhallen , med m.a ny vaktliste for barneklatringa.

Voluma på klatreveggen i Vågåhallen må målast med same måling som veggen. Grå eller rosa. Dugnad. Rehabilitere «sneglevolum.»

Det nye utstyret til klubben blir merka med JFK-merkelappar.

Vi sender mail til kommunen med formell førespurnad ang utviding av halltid.

Søke kommunen om å utvide lageret. Dette må vi nok gjere på dugnad. Lageret må uansett ryddes og vi må byggje nye hyller.

Kontakte Nortura for plastbakker til å lage klatretak i.

 

 

  1. Klubbmeisterskap 25.mars eller 1.april (laurdagar).

Vi prøver å få dette som eit klubbutviklingstiltak. Adam Pustelnik og Knut Ødegårdstuen er ynskjelege rutesettarar. Dugnad for medlemmane for å vaske og reinske veggen i forkant av arrangementet.

 

  1. Aktivitetsplan

Forslag om fellestur for klubbmedlemmer  med Base Camp i Oppdal Camping i feb./mars.

 

  1. T-skjorter for klubbmedlemmer

Vi satser på å få trykt opp nye i løpet av året. Vi drøft k

Admin login