Referat frå styremøte 16. mars 2017

Referat frå styremøte 16.03.17

Frammøtte: Oda Espelund Vollan, Erik Sanden, Tom Daae, Ulf Ryen og  Audhild Veslum.

 

Saker: 

 

Klubbmeisterskap

Det blir arrangert klubbmeisterskap 25.03.17. Kunt Ødegårsdstuen og Bjørn Slåen skal vere rutesettere. Premier frå Fjell og fritid og Eli Fergestad.  Sal av kaffe og biteti.

 

Elektronisk medlemsregistrering

Snart klart. Innbetaling via sports admin som er betalingssystemet til NIF.  Alle må registrere seg sjølve. Info må ut til medlemmene. Tom utformer infoskriv. Nokon har betalt allereie. Vi må føre attende dette.

 

Aktivitetsplan

Vi satser på å få til kameratredningskurs i løpet av våren, forslag om dato: 18.mai.

Idrettsskulen i Lom ønskjer  to kveldar i Tronoberget der nokon frå Fjellsportklubben deltek for å hjelpe til, 23. og 30. mai.

 

Klatreveggen i Vågåhallen

I samband med klubbmeisterskapet blir det kjøpt inn ein del nye klatretak.

På lang sikt bør vi vurdere forbod mot bruk av svarte skosoler på veggen.

 

Referent, Audhild Veslum.