Ny sponsor – Rondvassbu Turisthytte!

Jotunheimen fjellsportklubb har fått ein ny sponsor. Rondvassbu Turisthytte v/ Øystein Garden sponsar klubben med  20 000 kr. for innkjøp av nye klatretak og sikringsutstyr til  klatreveggen i Vågåhallen.

På vegne av alle våre medlemmer vil eg takke Øystein så mykje for bidraget!

Eg vil òg nytte høvet til å oppfordre andre bedrifter rundt om i Nord-Gudbrandsdalen til å gje eit bidrag til opprustinga. Vi er ein stor klubb, med medlemmar i alle aldre, både frå Skjåk, Lom, Vågå, Otta, Dovre, Lesja og Nord-Fron. Fjellsporttilbodet, da både innan buldring, klatring på stein og is, toppturar på ski og til fots er helsefremmande både psykiske og fysiske. Det er òg eit flott aktivitetstilbod for dei som fell utanfor andre tilbod i kommunane.

Støtt ei god sak!

 

Med vennleg helsing

Oda Espelund Vollan

Leiar